Også denne helga har familien vore samla på Tyinkrysset for å pusle vidare hytta. Helga starta med at eit veldig trivelig brev hadde funne vegen til postkassen vår!
Brevet var frå Vang Kommune:
Ferdigattest! Vi hadde allereie planlagt å innta ein bedre middag på hytta denne helga, men med ferdigattesten i havn måtte vi plukke med oss ei ekstra god flaske vin også 🙂
Vi ankom ganske seint fredagskvelden, så det vart ikkje gjort så mykje arbeid denne dagen. Litt opprydding og andre småting før vi planla aktivitetane for laurdagen.
Etter frukost på laurdagen starta Siv å beise listene på det eine gjesterommet nede, mens Ole Reidar jobba med det eine soverommet på hemsen. Etterkvart vart oppmerksomheita retta mot loftsstova der alle listeskøyter og spikarhol vart tetta, før vi til slutt fekk malt listene på det vesle badet.
Sidan vi hadde ein del kapp som vi ønska å bli kvitt blei det laga bål utpå ettermiddagen. Dette gjorde også at vi fekk kvitta oss med ein del anna rusk og rask som vi hadde liggande, og plutselig var gongen blitt så ryddig at vi kunne sette på plass benken der den høyrer heime:
Ole Reidar malte også opp eit nytt parti lister til dør og vindauge på badet, så desse vart også bytta ut pga. støv i malinga på dei som var sett opp i utgangspunktet. Litt kvie å måtte ta opp att lister no når ein hadde sagt seg ferdig med «morroa», men heldigvis var ikkje kunstane gløymde så det gjekk temmelig kjapt. Etter ein god dusj var det klart for ein bedre middag og ein merkar virkelig at den gode hyttefølelsen er i ferd med å snike seg på. Litt rart å kunne slappe av med god samvittigheit og utan å måtte tenke på alt arbeidet som gjenstår, men dette skal vi bli godt vant til!
Søndagen brukte Ole Reidar til å tette diverse spikarhol med akryl rundt om i hovudetasjen, og Siv beisa over enkelte lister der finishen ikkje var topp i utgongspunktet. Vi avslutta dagen med å flytte all materialen som høyrer til terrassen bak hytta, i tillegg fekk vi flytta all anna materiale slik at den ikkje ligg i vegen for å få brøyta opp vegen skikkelig til vinteren. Godt kva som er gjort!
Tittelen seier offisielt ferdig, og det er vi jo. Men det blir heilt sikkert meir å ta tak i neste gong vi reiser oppover. Samtidig veit vi at vi no kan senke skuldrane og bruke mykje tid på å berre kose oss.
Gratulerer med ferdig hytte. Bloggen deres er til hjelp og motivasjon for oss. Det å se hvor fint det til slutt kan bli er inspirerende:-)
Takk for det! Kjekt å vite at andre kan finne inspirasjon i prosjektet vårt 🙂
Gratulerer 🙂 Gje dokke ein god og velfortjent klapp på skuldra, de har fått til ei nydelig hytte!
Takk for det Karoline og takk for mykje god inspirasjon i byggetida!