Heile familien har nok ein gong tilbrakt helga på fjellet. Denne gongen har vi fokusert på beising av lister innvendig.
Vi ankom hytta ganske seint fredagskvelden så i staden for å begynne med noken store prosjekt fekk vi montert opp litt meir møblar. Ein benk som vi skal ha i gongen, eit skap til badet og to nattbord vart skrudd opp.
Laurdagen starta Ole Reidar med å gjere ferdig listinga i badstua. Her var det forøvrig dårlig nytt frå elektrikaren som hadde funne ut at han hadde bestillt feil badstuomn, så ny kjem på plass om ikkje lenge. I tillegg vart det montert list i overgangen mellom peissokkel og golv.
Etterkvart flytta Ole Reidar seg til det eine soverommet på hemsen. Her vart alle spikarhol tetta med akryl før listene vart beisa med same farge som på veggen. Siv gjorde ferdig beisinga av lister i gongen før jobben med å tette spikarhol på alle lister i stova/kjøkken starta. Når kvelden var omme hadde vi beisa ca. halvparten av listene i stova, samt fått gått over alle listene på det største gjesterommet.
Søndagen fortsette vi med å beise dei gjenståande listene i stova, samt å tette spikarhol og beise det minste soverommet nede. Dermed gjenstår det å beise listene i loftstova, det eine soverommet på hemsen og gjesterommet nede. I tillegg skal vi gå over alle dørlister og vinduslister og tette spikarhol med akryl. Håpet er at vi rekk å få gjort dette kommande helg, i så fall gjenstår berre vasking og få på plass gardiner.
Makeløst! Virkelig imponerende arbeid, og bra skrevet!
Takk for det Chriss Are 🙂 No er enden veldig nær, og det føles utrulig bra!