Ferdig hytte – på tide med oppsummering!

I løpet av årets sommarferie vart krona lagt på verket: Terrassen blei gjort ferdig, noko som betyr at hytta er 100% ferdig. Sidan dette hytteprosjektet er overstått føles det riktig å oppsummere det som har blitt gjort! Korleis kunne dette:

wpid-IMG_20120818_163450.jpg

ende opp som dette:

IMG_8019_r

Bakgrunn for hyttebygginga

I 2010 starta draumen om eiga hytte for vår del. På denne tida hadde vi hatt gleda av å dra nytte av vennar og slekt sine hytter og virkelig fått smaken på dette livet. Etter ein del fram og tilbake i forhold til plassering fann vi ut at vi ønska å bygge hytta vår på fjellet. I mars dette året var vi på Filefjell i Oppland med ein god vennegjeng og dette sette sine spor!

På slutten av 2010 kom vi over ei tomt berre nokre steinkast unna leilighetskomplekset vi hadde budd i når vi var der i mars. Med ski in/ski out var tomta fristande og prisen var ikkje avskrekkande. Tilfeldigheitene gjorde at Ole Reidar skulle forbi dette området i januar 2011 så vi sjansa på å ikkje legge inn bud før han hadde kikka innom tomta.

Vi kjøper tomt!

19. januar 2011 var Ole Reidar for første gong på plass i det som skulle bli Finndalskroken 27. Dette var ein kald og fin vinterdag og det var ca 2 meter snø der tomta var. Nokre gamle bilder viser kva vi brukte for å gjere vår beslutning:

19012011037 19012011036 19012011033 19012011024

Ole Reidar kom tilbake til Siv og meddelte at dette ikkje var noko å lure på, solmessig låg det godt an og det skulle vere greit å få planert ut tomta. Veg, V/A og straum var allereie lagt fram til grensa, så slik sett låg alt til rette. To dagar etter, 21. januar, var kjøpet eit faktum og vi hadde fått oss tomt på fjellet!

Sidan Siv ikkje hadde sett tomta med eigne auger tok vi oss ein tur oppover i mai dette året. Og her fekk vi inntrykk av ei tomt som hadde eit relativt bratt terreng i bakre del, mens den var relativt flat (og fuktig) forkant. Kriblinga starta for alvor!

Vegen vidare

Utover våren 2011 starta informasjonsinnhentinga med mykje lesing av katalogar frå diverse hytteprodusentar, samt lesing av hyttebloggar. Til slutt stod vi att med tre produsentar som utmerka seg: Rana Hytta, Saltdalshytta og Familiehytta. Vi starta dialog med alle desse for å få pristilbod på modellar vi hadde sikta oss inn på, og i løpet av våren var det veldig nært at vi signerte kontrakt.

MEN så dukka det opp eit flott rekkehus i eit område vi hadde ønske om å bu i. Og når vi enda opp med å få tilslaget på dette fann vi ut at vi måtte utsette hytta ei stund!

Det blir hytte!

Det går ikkje mange månadane i nytt hus før vi begynner å kjenne på hyttedraumen igjen. I mars 2012 reiser vi på hyttemesse i Lillestrøm, og kombinerer turen med å stikke innom Norsk Hyttesenter på Hellerudsletta. Konklusjonen etter dette besøket blir at vi landar på Familiehytta sin modell Rondablikk med litt tilpasining. Tilpasninga består hovudsaklig av å flytte badet slik at dette er veggivegg med kjøkkenet, samt at vi ofrar eit soverom for å ha eit vaskerom/teknisk rom og eit bad ekstra:

120207 FH 110 RONDABLIKK’12 Trend

Kontrakt blir signert sommaren 2012 og i løpet av sommaren er det også synfaring med entrepenør for å få gjort klar veg og tomt. I august er vi oppe og ryddar tomta for skog før gravinga startar i slutten av september.

Jobben startar for alvor

I oktober startar eigeninnsatsen for alvor med støyping av ringmur og grunnmur. I løpet av nokre hektiske dagar i to økter kjem vi i hamn med dette, til tross for at det kjem 30 cm snø mens ringmuren herdar:

 

P1090433 IMG_20121011_210013[2] IMG_20121012_125357 IMG_20121015_111103 IMG_20121017_092315 IMG_20121017_172102

Neste gong vi er oppom tomta er i starten av desember for å spa fram grunnmuren før snekkarane kjem og skal sette opp ytterveggane. Denne dagen er det friske 25 minusgrader og vi brukar ikkje mindre enn 5 timar på å spa snø før resultatet var tilfredsstillande:

tomt

I løpet av desember starta bygginga og nokre dagar før jul var Ole Reidar og ein god medhjelpar opp til Filefjell for å lempe all isolasjonen som var komt inn i hytta. Dette var første gong ein fekk sett korleis hytta kom til å bli!

IMG_6538 IMG_6558 IMG_6559 IMG_6581 IMG_6764 IMG_6778

IMG_6802 IMG_6803

Romjula 2012 vart tilbrakt på Filefjell for å starte på jobben med å isolere. Dette var ein krevjande jobb sidan det måtte gjerast både i ytterveggar, etasjeskille og tak. Men etter iherdig jobbing med dette i ca ein månad kunne ein begynne med å legge golv på hemsen i slutten av januar. Spesielt Ole Reidar og Jan Rune var glade for dette sidan begge hadde «trakka gjennom» etasjeskillet og påført seg sjølv solide blåveisar undervegs i isoleringa. Helga vi starta med å legge golv var også første helga vi fekk vere på ei tett hytte. Notata frå den helga viser at det var ein snodig følelse å stå der med nøkkelen i handa!

IMG_6861 IMG_6891 IMG_6894 20130202_221942 20130202_221949

Etter å ha gjort ferdig golvet på hemsen starta jobben med å lage klart for diffusjonssperre. Dette betydde å lekte ut innerveggar og isolere lag to. Deretter starta jobben med å legge diffusjonssperre. Vi hadde også fått lånt oss ein avfuktar slik at vi kunne få satt på varme og dratt fuktigheten (sidan snøen innvendig smelta) ut av hytta. Denne fekk stå på nokre veker saman med litt varme innvendig og var eit effektivt hjelpemiddel! Gleda var stor når vi kunne komme opp på hytta og konstatere at golvet hadde tørka opp utan at det var eit fnugg av fuktigheit på plasten innvendig.

Første overnatting på hytta

Første helga i mars 2013 reiste vi oppover (som vanleg) tidleg laurdagen for å tilbringe dagen på Filefjell. Pga dårleg ver enda vi opp i den einaste kolonnekøyringa vi var vore med på over fjellet her. Etterkvart vart fjellet stengt og sidan vegen mellom Tyin og Årdal også var stengt vart det til at vi overnatta på hytta for første gong! Sidan vi hadde både mat og varme var dette heilt problemfritt, og dagen etter var veret kjempeflott så retur var ingen problem.

Påske i ski-eldorado utan å stå på ski

Framover mot påska 2013 gjekk jobbinga jamt og trutt. Hytteeigarane brukte alle tilgjengelige helgar på fjellet og fekk gjort klart for oppsett av innerveggar som skulle takast saman med gode hjelparar ila påska. Når desse kom på plass skorta det på plassen innvendig. Alt av panel, listverk og golv måtte flyttast rundt på for å finne fornuftige plasseringar. I tillegg til dette nærma det seg termin for Siv så jobbinga på hytta blei nedprioritert ein periode, men ein rakk alikavel å tjuvstarte med legginga av panel i mai 2013. I denne pauseperioden gjorde også FH-Bygg sin siste innsats utvendig med å legge shingel på taket. Så frå april 2013 var vi totalt på eiga hand.

IMG_20130317_174802 IMG_7180 IMG_7204 _MG_7101 IMG_7252 IMG_7277 IMG_722520130413_165405

I juni var ein atter ein gong på plass på fjellet, og no begynte jobben til elektrikaren å vise for alvor. Bl.a var byggestraumen bytta ut med sikringsskap. Ein milepæl!

_MG_7825 _MG_7827 IMG_0044

Byggeleiaren kjem inn i bildet

Drøyt ein månad gammal var Martin med på fjellet for første gong. Naturlig nok vart jobbinga prega av hans nærvær, og han fekk fort tittelen byggeleiar. I denne fasen av bygginga var det mykje kommunikasjon med elektrikar og rørleggar sidan det handla mykje om legging av panel i tak, etasjeskille og på veggar.

Dugnad

Strengt tatt har ordet dugnad vore beskrivande for fleire av øktene som allereie hadde vore gjennomført sidan vi hadde hatt god hjelp av fleire personar. Men i midten av juli var vi ein god gjeng på Filefjell for første gong. Denne helga vart det jobba både med snekring, fasadeskifer og ikkje minst beising utvendig.

IMG_0237 IMG_0166 IMG_0218 IMG_0175 IMG_0210 IMG_0237

Jobbinga utover sommaren bar preg av panel og beis, men ferien nærma seg og dette året var den sett av til å jobbe på hytta.

Feriestunt

Når sommarferien starta var planen å ta mykje av støypinga innvendig. Det som blir hugsa best er at ein køyrde 800kg med avrettingsmasse på hengar med ein Volvo 740 Turbo som drakk 2-3 liter på mila. Makan til trekkmaskin! Før ein støypte golva som skulle flisleggast (2 bad, gong og vaskerom/teknisk rom) så blei det lagt tynne våtromsplater i botnen. Desse isolerte nedover mot plata og gjorde i tillegg til at behovet for avrettingsmasse vart redusert (takk til elektrikaren for tips!).

IMG_0911_edt IMG_0905_edt IMG_0906_edt IMG_0916_edt IMG_0925_edt IMG_1027_edt IMG_0998_edt IMG_0997_edt IMG_1058_edt IMG_1069_edt IMG_1097_edt IMG_1100_edt

IMG_1620_edt IMG_1629_edt IMG_2979_edt IMG_3055_edt

I løpet av to hektiske økter fekk ein lagt fliser i gang, vaskerom og begge bad. I tillegg blei det satt opp våtrsomsplater på det største badet og dermed var dette klart for rørleggar og elektrikar. Vidare utover hausten fortsette arbeidet med å legge panel jamt og trutt. Men så i oktober 2013 kom vi til neste store milepæl!

Hytta får pipe og omn

IMG_3221_edt IMG_20131012_184438_edt

Ei flott helg i oktober vart pipe og omn levert og montert. Dette var eit høgdepunkt sidan vinteren nærma seg og det var godt å ha moglegheita til å fyre for å holde varmen. Sjølve monteringsjobben gjekk relativt raskt unna, og med ei pipe som trekker inn friskluft til omnen sørger det for at den ikkje får pustebesvær i eit bygg som er satt opp etter TEK10 standard.

Golv

Etterkvart begynte det å minke på veggane ein kunne legge panel på , så då starta jobben med å legge golv i dei forskjellige romma. Dette var ein jobb som gjekk greit med tilfarerar lagt oppå plast og med isolasjon mellom plate og golvbord. Einaste store avviket vi kom over var i stova der vi måtte klosse opp ein del i det eine hjørnet.

IMG_20131222_110324 IMG_3766

Ferdig med panel (i allefall nesten….)

I januar 2014 vart dei siste lengdene med panel lagt i veggen mellom stove og gang. Dette markerte at det meste av panel var ferdig (med unntak av ein liten skillevegg i gongen). nok ein milepæl var dermed nådd!

Ein anna artig ting som blei gjort denne helga var å sette i dør mellom gang og bad. På dette tidspunktet hadde vi også fått gjort klart det største badet, så underteikna beskriv det som ein herlig følelse å dusje på hytta for første gong!

Innvendig beising

I løpet av ein hektisk periode framover mot mars vart det meste av innvendig panel beisa. Med jobben som var gjort utvendig friskt i minne så gjekk dette som ein leik! Framdrifta var god og arbeidsmoralen høg, så i starten av mars kunne vi frakte opp diverse møblar samt kjøkken til Tyinkrysset!

Listing

Påska 2014 nærma seg med stormskritt og det var berre å innsjå at det kom til å bli nok ei påske utan moglegheiter for å stå på ski. Den siste tida før påske blei brukt til å starte på jobben med listing. Dette er forøvrig det mest tidkrevjande arbeidet gjennom heile prosjektet, spesielt når ein ser på kor lite ein faktisk får igjen for jobben som blir lagt ned. Men det er sjølvsagt også den viktigaste jobben for å få finishen på plass, så her var det berre å vere tolmodig! Det er ingen underdrivelse å seie at det tok nærmare 3 månader før alle lister var på plass!

Sjølve påska blei brukt til å hente litt møblar og fore ut vindauger i stove, liste rundt desse og vaske/rydde i stova. I tillegg fekk vi montert opp halve kjøkkenet, slik at på slutten av denne runda så hadde vi virkelig ein god hyttefølelse. Dette til tross for at halve stova var full av lister!

_MG_5557 _MG_5390 _MG_5496 IMG_5178

Stor framdrift i innspurten

IMG_6088

I tida framover mot sommaren blei det jobba mykje med detaljar innvendig. Dette innebar listing, montering av trapp, bygging av badstuinnredning, ferdigstilling av kjøkken samt mykje mykje meir. I tillegg fekk vi beisa strøk nr 2 utvendig, samt gjort ei skikkelig utvendig og innvendig opprydning. Ein stor container på 17m3 vart lasta med eit drygt tonn med skrot og sendt av gårde til bossplassen i starten av juni dette året. Målstreken føltes veldig nær!

IMG_6097 IMG_6103 _MG_6176 IMG_6454

Og 5 september kom eit lenge etterlengta brev i posten frå Vang Kommune: Ferdigattest! På dette tidspunktet følte vi oss 98% ferdig med alt som skulle gjerast innvendig på hytta. Vi visste også at vi måtte vente til 2015 med å gjere jobben som måtte til for å få terrassen på plass. Men uansett så var denne milepælen den største i heile prosjektet! Drygt 2 år sidan vi stod og hogg ned skog på tomta vår så stod hytta ferdig!

20140905_152521

Finalen

Som nemt i avsnittet over så gjenstod terrassen utvendig. Jobben med dette starta i midten av mai då vi var på fjellet nokre dagar med minigravar for å planere ut og få laga til eit godt underlag. Vidare utover sommaren la vi ut bjelkelag og fekk skrudd på terrasseborda. I utgangspunktet skulle det vere rekkverk på denne, men det droppa vi i første omgong, så får vi sjå om vi kjem til å gjere om på dette! Faktum er i allefall at siste skruen blei skrudd på plass 24.07.2015, og det markerte også overgangen frå byggeperiode til drift av hytta!

20150514_173546 IMG_7629 IMG_7789 IMG_7862 20150726_204802 20150726_204834

Oppsummering:

Til slutt i denne laaaaaaaange posten tenkte vi  å oppsummere litt av vår opplevelse rundt det å bygge hytte, og å gjere store delar av jobben sjølve.

Kva har vi gjort?

  •  Rydding av tomt
  • Støyping av ringmur og såle
  • Innvendig isolering (ytterveggar, deleveggar og etasjeskille)
  • Plasting av veggar og etasjeskille
  • Oppsett av innerveggar
  • Legging av panel
  • Utforing og listing
  • Montering av baderomspanel og innredning
  • Badstue
  • Legging av alt tregolv
  • Behandling av veggar, og golv (lakk på golv, beis på veggar)
  • Utvendig beising
  • Montering av trapp
  • Innsetting av dører
  • Oppsett av kjøkkeninnreiing
  • Utvendig trapp og terrasse

Kva har andre gjort?

  •  Prosjektering og byggesøknad: Sigvartsen Design AS via Familiehytta
  • Oppsett av råbygg: FH-Bygg via Familiehytta
  • Tomtearbeid: Lage Gjevre AS
  • Levering av betong: Ryfoss Betong AS
  • Røyrleggar: Tyin VVS
  • Elektrikar: Slidre Elektriske
  • Oppmåling: Vang Kommune
  • Fliser og avretting: Kjentmann av Ole Reidar

Vår vurdering her var at vi minimum skulle ha hytta satt opp ferdig utvendig (råbygg). Vi vurderte lenge om vi skulle gå vidare til neste trinn: Klar for el og rør, men kom fram til at vi skulle klare dette sjølve.

Når det kom til handverkarar vi trengde så søkte vi etter anbud via diverse tjenester, men hadde dårleg hell med dette. Endte difor med å grave fram lokale aktørar og valde utifrå referansar og pris. Her var det ein klar motivasjon å gå for dei mest lokale sidan dette var folk som enten budde i området eller hadde hytte her sjølve. Alt i alt er vi veldig godt fornøgde med innsatsen hos alle desse, og spesielt stå på viljen og evnen til å kaste seg rundt  når det var behov for dette var særdeles godt mottatt. I tillegg var prisane  som avtalt. Unntaket her var tomtearbiedet som vart dyrare enn førespegla pga mykje masseflytting (myr ut, stein inn). Men dette vart godt kommunisert undervegs.

 

Reknskap vs budsjett

Undervegs i denne prosessen har vi forsøkt å dokumentere mest mogleg både i bilder og tekst. Her har denne bloggen vore eit godt hjelpemiddel både for å nå ut til andre hyttebyggarar, men også for vår eigen del. Før vi starta jobben med å bygge sjølve las vi utallige hyttebloggar, og vart med dette inspirert til å gjere ein god jobb med akkurat den biten sjølve.

Vi har også dokumentert alle turane vi har vore på hytta i byggefasen, kven som har vore med og ca kor mange timar vi har jobba. Så dette rekneskapet ser slik ut:

  •  Antal timar: ca 1800, dvs eit drygt årsverk
  • Lengdemeter panel: Alvorlige mengder på veggar og i tak!
  • Antal dykkertar brukt på lister og panel: ca 2000
  • Antal kilometer tilbrakt i bil i byggeperioden: Ca 24 000
  • Antal plaster benytta: 5

 

 

I tillegg til dette er det sjølvsagt det økonomiske. I forkant av prosjektet hadde vi sett opp eit ganske detaljert budsjett. Resultatet enda over dette, men ikkje meir enn at det er innafor det vi kunne forvente. Dei største avvika var desse:

  •  Utgraving av tomt : Her gjekk det ein del kroner ekstra pga krevjande grunnforhold
  • Beis: Vi trengde ca dobbelt så mykje som vi forventa
  • Ovn og pipe: Her valgde vi bl.a pipe som trekker inn friskluft og ein litt dyrare ovn frå Rais.
  • Baderomspanel: Vi valde å ha dette på begge bada.
  • Fliser: Her gjekk vi for hjertet og ikkje lommeboka på det største badet
  • Kjøkken: Sjøl om vi har kjøkken frå IKEA så blei det dyrare enn forventa.
  • Elektriker: Her blei det gjort litt arbeid utover det som var planlagt:
    • Montering av utelamper
    • Lys under kjøkkenskap
    • Montering av industrikontakt utvendig for lading av elbil
    • Div småtterier
  • Verktøy: Her er moralen at ein har behov for meir verktøy enn det ein trur, og ein lærer etterkvart at det kan lønne seg å kjøpe litt dyrare ting på ein del verktøy!

Med dette lange innlegget konstaterer vi at ringen er slutta. No går vi over frå bygging til drifting og nyting av hytta. Godt illustrert av dette bildet:

 

20151206_140942

Tusen takk til slekt og venner som har vore med og hjulpe oss i dette prosjektet. Utan denne hjelpa hadde vi ikkje blitt ferdige!

Takk til alle som har inspirert oss med sine bloggar og bilder, og ikkje minst takk til alle som har fulgt oss på denne vegen fram mot ferdigbygd hytte!

PS: Det blir murra om bygging av utvendig bod allereie, men når det skjer er ei anna historie!

Reklame
Dette innlegget vart posta under Bygging. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ferdig hytte – på tide med oppsummering!

  1. Richard seier:

    Hei.
    Hvordan kom dere ut…ble det billigere å gjøre det selv vs nøkkelferdig ? Og evt sånn ca hvor mey ?
    Sitter å regner på det samme selv. Men ser det er ganske mye som er trukket ut av leveransen for elektroklar ( kjøkken, bad, fliser etc….)

  2. Ole Reidar seier:

    Hei!

    Når totalen blei summert opp så kom vi veldig mykje bedre ut enn om vi hadde satt bort alt. Det var nok snakk om en plass mellom 800 og 900 000 i differanse for vår del, men det inkluderer da også at vi gjorde støyping av grunnmur. Uansett en veldig behagelig timepris på egeninnsatsen.

    Har ikkje fulgt med på kva som er inkludert i dei forskjellige stega, men antar at det fremdeles kan lønne seg å gjere jobben sjøl om ein har mulighet til det (og ikkje har 10 timmeltottar).

    Lykke til!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s