Siste rest av lister samt diverse flikking

10536937_337750546376955_6841492321960677814_n

Fredag ettermiddag reiste Ole Reidar og ein kompis oppover til Filefjell. Sidan veret var strålande var planen å få gjort litt arbeid, men også få tatt seg ein fjelltur eller to.

 

Fredagskvelden vart brukt til å fullføre taklistene på hemsen. I tillegg vart det sett på nokre manglande hjørnelister. Laurdagen fortsette Kjell Erik med diverse flikkearbeid rundt om (bl.a montering av neselist på trapp). Samtidig starta Ole Reidar på jobben med å feste benkeborda i badstua. Her har det vore mykje fundering fram og tilbake rundt kva måte desse skulle festast. Valet fall til slutt ned på Casco Xtremefix monteringslim. Denne har egenskapar som gjer at den fint tåler både fukt og varme som den blir utsett for i ei badstue. Så blir det spennande å sjå om det fungerer i praksis! I tillegg vart det montert gjenståande lister på det vesle badet og vaskerommet.

Etter ein fjelltur og påfølgande bading ved Tyin i iskaldt vatn gjekk turen tilbake til hytta for å jobbe vidare. Kjell Erik fekk montert sokkellista, mens Ole Reidar fekk rydda og vaska golvet i loftsstova før dette vart lakka.

Søndagen fortsette Kjell Erik med montering av lister på kjøkkenet. Her bestemte vi oss for å tilpasse ei overflødig sokkellist og bruke denne til gesimslist. Dette innebar mykje stødig saging med sirkelsag, samt litt bruk av akryl i etterkant. Men resultatet vart veldig bra! Han fekk også montert listene under skapet, så kjøkkenet er no ferdig!

 

Ole Reidar fortsette med benken i badstua inntil han gjekk tom for lim cirka halvvegs. Vidare bevega han seg opp på hemsen for å få på plass dei siste listene over dørene. Med dette avkryssa på todo-lista var det berre å begynne å montere opp senger på det eine soverommet. Det andre soverommet oppe er også klart, men akkurat no blir det brukt som lager for diverse verktøy og annna «byggeskrot», så dette må ryddast før vi får på plass senger her!

Etter ei fantastisk flott helg både innsatsmessig og vermessig var det to fornøgde karar som sette krusen vestover igjen på søndagskvelden.

IMG_6279 IMG_6283 IMG_6287 IMG_6291

Avslutter som vanleg med det som gjenstår:

  • Montering av kjøken – lister gjenstår
  • Innreiing av badstue – her gjenstår å feste borda på ramma

 

Som ein ser er det lite igjen på lista over gjenståande ting. Men lista er ikkje 100% komplett. Innvendig skal vi beise ein del lister. I tillegg bør vi få opp terrassen samt beise hytta eit strøk til utvendig. Så sjølv om vi stort sett er ferdige snekkarmessig innvendig så gjenstår det litt arbeid endå!

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s