Utlegging av pukk og litt småtterier innvendig

Gjennom vinteren har vi hatt gleda av å nyte hytta saman med familie og vennar og fokusert meir på å nyte enn å jobbe. Det skal også seiast at det gjenståande arbeidet i stor grad krever at det er tøya utanfor, så vi har ikkje hatt noko valg. Men denne helga starta jobben med å planere utanfor hytta slik at vi kan begynne på jobben med å legge terrasse!

Sidan vi hadde fri frå jobb fredag 15. mai fekk vi anledning til å vere på hytta frå onsdag kveld, ei skikkelig langhelg!

Med oss på lasset hadde vi denne gongen ein minigravar som vi leigde av Helgheim AS Utleie

IMG_7626

Vi hadde på førehand bestillt eit lass med pukk frå han som brøyter vegen om vinteren, og på veg oppover ringde han for å høyre kor vi var i løypa. Så etter vi hadde komme fram tok det berre ein liten halvtime så var han på plass med ca 10 tonn pukk. I tillegg til dette hadde vi ca 5 tonn liggande til overs frå då tomta vart opparbeidd. Nok å gjere på med andre ord!

Sjøve jobbinga starta vi med på torsdagen i strålande ver. Til tross for at det var kaldt om nettene så kom temperaturen seg betraktelig når sola begynte å ta utover ettermiddagen. Etter ein lang dag med graving var resultatet at mesteparten av pukken var flytta over på rett side av hytta, og det gjenstod berre planering og litt påfylling på framsida.

20150514_173546

På dette tidspunktet var vi klare for å slå oss til ro i sofaen, men der blei vi avbrotne av at ein kompis av Ole Reidar med familie ringde og sa at dei var 3 mil unna på veg tilbake til vestlandet etter konfirmasjon. Så då kom dei innom for ein inspeksjon, og når det viste seg at dei vurderer å bygge hytte også så var jo dette heilt perfekt. Vi mistenker at besøket gjorde sitt til å få bensin på det bålet!

Første delen av fredagen brukte vi til å ta turen til Fagernes. Etter retur derifrå starta jobben med å fordele resten av pukken vi hadde på framsida av hytta. Etterkvart viste det seg at vi trengde litt av den som låg på baksida også, men sidan dette innebar graving utanfor rommet til byggesjefen (som hadde inntatt horisontalen på det tidspunktet) så blei det til at vi gav oss for kvelden og heller gjekk for ein bedre middag og sofasliting.

IMG_7629 IMG_7632
Laurdagen hadde byggesjefen 2-årsdag så første delen av dagen vart tilbrakt innandørs med ballongar, presangar og kake. I tillegg var veret litt utrivelig med ganske heftige snøbyger utandørs. Men etterkvart kom vi i gong med å flytte pukk og få denne på plass på framsida. I tillegg grov vi fram materialen vi har hatt liggande utandørs i vinter. Sidan denne låg nedpakka under ein knapp meter med hardpakka snø var det greit å kunne benytte skikkelig redskap til jobben. I tillegg planerte vi utover ein stor snødunge på baksida som har bygd seg opp gjennom vinteren pga brøyting, og til slutt fekk vi planert ut pukken på baksida av hytta slik at vi no har godt med parkeringsplassar.

Innvendig var det hengt opp den siste lift-gardina, og i tillegg har vi kjøpt glassplater til å ha bak vask og platetopp. Så desse vart montert.

IMG_7625 IMG_7624

Status etter denne helga er at vi er klar for å starte legginga av terrasse når vi er tilbake på hytta om knappe tre veker. Materialen ligg klar og tomta er tøya og nokelunde planert slik at det berre er å sette i gong. Det skal bli godt å få kryssa av også dette frå lista!

Reklame
Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid, Tomt. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s