98% ferdig!

Av innvendig snekkararbeid så nærmar det seg slutten på dette prosjektet!

 

Denne helga har heile familien Hatlem Dvergsdal vore på hytta. Etter ankomst fredagskvelden begynte Ole Reidar å sortere ut materiale som skulle brukast til å bygge badstubenken. Siv vaska og lakka golvet i loftsstova. Etter dette var begge såpass salige at det vart ein tidleg kveld.

Laurdagen starta Ole Reidar med å bygge benken i badstua. Siv tok ei skikkelig opprydding i stova, samt ho og Martin monterte opp vitrineskapet i stova. Etterpå starta ho jobben med å legge akryl på diverse lister. Det vesle badet fekk også ei runde med vaskefilla 🙂

Ole Reidar tilpassa hetta til ventilatoren, noko som viste seg å bli vanskelig på grunn av ein kranglete vinkelslipar, men det ordna seg til slutt. Etterkvart starta også jobben med å liste dørene på hemsen. Her viste det seg at det var nødvendig med fleire malte lister, så dette vart også ordna.

Søndagen fortsette Siv med akryl, mens Ole Reidar fortsette med å liste på hemsen. Status når vi reiste heim var at det meste av listing no er tatt. Det einaste som manglar er å få på plass hjørnelister på eine soverommet på hemsen, samt lister i tak og overgang mellom knevegg og tak på hemsen. I tillegg gjenstår det litt småtterier av lister i forbindelse med kjøkkenet, samt at borda på benken i badstua må på plass. Det meste av dette satsar vi på å få gjort unna neste gong! Dermed er det innvendige snekkararbeidet overstått og det gjenstår berre å få opp terrassen.

Elektrikaren hadde også vore innom sidan sist og frå hans side gjenstår det berre å montere røykvarslar, samt omnen i badstua!

Litt bilder av helgas arbeid:

IMG_6194 IMG_6192 IMG_6191 IMG_6190 _MG_6176

Det som gjenstår:

  • Listing –  loftstove samt dører på hems gjenstår
  • Behandling av golv – loftstove (olje og lakk  gjenstår
  • Montering av kjøken – lister og belysning gjenstår
  • Innreiing av badstue – her gjenstår å feste borda på ramma
Dette innlegget vart posta under Baderom, Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s