Vi er ein liten familie som no er i gang med å realisere hyttedraumen vår!
Siv jobbar som rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, på fylkesbiblioteket, medan Ole Reidar er IT-konsulent i Helse Vest IKT. I mai 2013 vart Martin fødd, og han vil sjølvsagt vere meir eller mindre aktiv i hyttebygginga.
Draumen om hytte har nok lege latent i nokre år, først og fremst fordi vi har fått bli med venner og kjende på hytteturar både sommar og vinter dei siste åra (heldige oss – takk til alle!). Dessutan har ingen i nær familie hytte, og difor må vi rett og slett ta skeia i eiga hand og syte for at så skjer! 😉
I januar 2011 kjøpte vi oss difor tomt på Filefjell. Det er fleire årsaker til valgt lokasjon, først og fremst er det overkommeleg distanse frå heimstaden vår. Vi har også funne det praktisk at det ligg om lag midt i mellom aust og vest. Det er også meir snøsikkert og stabilt klima enn det skiftande vestlandsvêret vi er vane med. Valet er også basert på tidlegare hytteturerfaring og at vi trives godt i området. Her er nærleik til alpinbakkar og langrennsløyper, skiheis rett ved, og ein matvarehandel i gåavstand. Og sist, men ikkje minst, så er Filefjell ein heilårsdestinasjon med vakre Jotunheimen som næraste nabo med dei mulegheitene det gir!
Så no gjenstår det å sjå om to kontorrotter kan duge som sjølvbyggarar! Vi gler oss til prosessen med vårt eige hytteprosjekt, og tanken med denne bloggen er å syne vegen fram mot det som (forhåpentlegvis snart) skal bli vår draumehytte!