Etter at fire helgar har passert utan jobbing på hytta (sjukdom, festivalliv og jobb) så var det endeleg på tide å ta turen til Tyinkrysset igjen!
Vi kom fram til hytta tidleg fredag kveld og umiddelbart etter at Martin hadde lagt seg, starta vi jobben med å beise strøk nummer to utvendig. I løpet av fredagskvelden fekk vi gjort unna eine kortveggen, og heldigvis kunne vi konstatere at det var betydelig lettare å beise no enn ved det første strøket.
Her ser vi eit bilde som viser forskjellen på eit og to strøk:
Vi avslutta kvelden med å montere opp lampa som skal henge over spisebordet på kjøkkenet. Her mangla vi verktøy til å få justert opphenget, så dette ordnar vi neste helg.
Laurdagen fortsette Siv med å beise den andre kortveggen, mens Ole Reidar fortsette med badstua der tida blei brukt til å gjere ferdig benkane samt lage lemmar på golvet. Dette måtte sjølvsagt inspiserast av byggeleiaren:
No gjenstår det kun å få på foring (som vi manglar) og list rundt døra så er det rommet ferdig frå vår side. Elektrikaren skal montere badstuomnen og lamper under skapa på kjøkkenet til veka, så då er han ferdig også.
Når Ole Reidar var ferdig med badstua, starta han å beise dei øverste partia på kortveggen mens Siv fekk gjort ferdig halve langveggen på sørsida. Høgdepunktet denne dagen var ein bedre middag tilberedt på hytta, samt ei god flaske rødvin. Etter ein lang dags innsats var dette prikken over i’en.
Søndag forstette Siv med å beise resten av den sørlige langveggen. Ole Reidar monterte opp rekkverket til trappa på hemsen. Til slutt fekk vi skrudd ihop nokre nattbord samt beisa over taket på eine soverommet på hemsen.
Alt i alt ei produktiv helg, spesielt framgongen på beisinga utvendig har vore veldig bra! Kommande helg skal vi opp att og ha el-kontroll bl.a. I tillegg håpar vi å få beisa ferdig det som står igjen utvendig. Når det gjeld vidare framdrift så er vi litt i tvil om vi skal vente med terrassen til våren. Vi bør kanskje heller prioritere å få beisa over lister innvendig, samt gjort unna diverse småplukk som gjer at vi kan kalle oss heilt ferdige inne.
Hei:) Den lampa over spisestua var skikkelig fin! Hvor er den kjøpt?
Hallo! Den kjøpte vi på Lampehuset i Bergen. Laaaang ventetid, men det var verdt det absolutt!