Ferdig med utvendig beising

_MG_6486

Denne helga var planen å få beisa seg ferdig utvendig. I tillegg har vi hatt besøk av folk frå BKK på vegne av Vang Energiverk, og fått tid til litt anna sosialt samvere også!

Etter ankomst fredagskvelden så sette vi umiddelbart i gong med å beise utvendig. Her fekk vi tatt ca. 1/3 del av det som gjenstod før vi tok kvelden. På slutten var det bekmørkt ute, så vi måtte trå til med litt kunstig lys. Uroen vart større når det i løpet av natta sette til med eit voldsomt regnver, men heldigvis gjekk det bra med veggen!

Laurdagen starta Ole Reidar med å ordne med foringane som skal brukast på badstua. Etterkvart kom det meir regn slik at det var umulig å sage, så alt måtte flyttast innandørs. Dette betydde at det vart tid til å få på plass gulvlist ved verandadøra. Samtidig med dette jobba Siv på hemsen med å beise eit ekstra strøk i taket på det eine soverommet.

Presis klokka 12 dukka BKK opp for å gjennomføre ein kontroll av det elektriske anlegget. I varslingsbrevet stod det at det var sett av 3 timar til jobben, men dette viste seg heldigvis å vere grei skuring så etter ein knapp halvtime takka dei for seg og vi kunne konstatere at alt var i orden 🙂

Deretter starta jobben med å gå over listene i gongen med akryl. Her vart spikarhol og diverse skøytar tetta slik at desse var klar for beising. Dessutan vart listene på det store soverommet nede beisa. Litt seinare på ettermiddagen kom eit vennepar av oss innom på besøk, dei disponerer ei hytte på Filefjell via familen så det blir nok fleire møter oss imellom der oppe!

Når byggesjefen hadde lagt seg hadde veret klarna opp igjen og vi tok eit nytt tak med beisinga utvendig. I løpet av kvelden fekk vi gjort ferdig alt rundt første etasjen, og det einaste som gjenstod var over vindauga i stova.

IMG_6505 IMG_6483

Søndagen vakna vi opp til flott ver, så etter at frukosten var innteken sette vi i gong med å ta den siste delen av beisinga utvendig. Etter nokre timar hadde vi fått gjort unna dette og kunne forflytte arbeidsinnsatsen inn att. Siv starta på jobben med å beise listene i gongen, mens Ole Reidar fekk på plass nokre lister i overgangen mellom fasadeskifer og panel rundt peisovnen. I tillegg vart dei manglande listene på kjøkkenet montert.

IMG_6540 IMG_6536 IMG_6544

Det var også gledelig å sjå at elektrikaren hadde fått montert opp både badstuomn og lamper under kjøkkenskapa. Desverre hadde han ikkje rukke å koble til badstuomnen, men dette ordnar seg forhåpentligvis kommande veke. Dette betyr då at hans arbeid er over, nok ein milepæl!

IMG_6546

Sjølv om vi no kan seie oss 99% ferdig med bygginga (det gjenstår terrasse, men den kjem ikkje før til neste sommar) så er vi ikkje heilt i mål av den grunn. Møblar skal monterast, lister skal beisast, gardiner skal på plass og heile hytta må vaskast ned før vi kan senke skuldrane og flytte inn. Men det er i allefall kjekt å kunne konstatere at det snekkarmessige er så godt som overstått!

Dette innlegget vart posta under Beising, Bygging, Eksteriør, Innvendig arbeid, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s