Sidan det har gått knappe tre månadar sidan forrige innlegg vart lagt inn her er det på tide med ei oppdatering igjen.
Den siste tida har vore travel og vi har ikkje hatt anledning til å vere på hytta like mykje som vi var i den hyppigaste byggeperioden. Men mykje arbeid har blitt gjort alikavel! Hovudsaklig har vi fokusert på interiørdetaljar og ferdigstilling av rom. Planen er å samle ein gjeng på fjellet ved inngongen til 2015 og då bør det meste vere på plass til då.
Denne helga har blitt brukt til å montere hattehylle/knaggrekke i gongen, gå over litt forskjellig pirkearbeid både med malarkost og sparkel. I tillegg har det blitt hengt opp gardiner i stova og alle soverom har fått nattbord. Veret på laurdagen var kjempemessig så Ole Reidar rakk å stå på ski nokre timar midt på dagen i relativt bra forhold. Søndagen kom det påfyll av endå meir snø, så dette lovar veldig bra for den vidare sesongen!
Det som no gjenstår er å få på plass litt skap og kommodar rundt om og så må nok få på plass ein tallerken på veggen så vi kan sjå TV på hytta. I tillegg skal vi få laga nokre glassplater til å ha på veggen bak platetopp og vask på kjøkkenet.
Avsluttar med litt bilder frå denne helga 🙂
Hei! 🙂
Spennende blogg:)
Er veldig spent på hytten din, del gjerne flere bilder og detaljer!! :))
Takk for det! Vil nok oppdatere etterkvart som vi nærmar oss den endelige slutten. I grove trekk er hytta ferdig no, men trapp og terrasse gjenstår. Dessuten er planane for påbygg allereie i gong 🙂