Mange milepælar unnagjort!

IMG_6103

Denne helga har Ole Reidar vore aleine på hytta, og mange punkt på «to-do»-lista er unnagjort!

På veg til hytta fredag ettermiddag vart det klart at Siv hadde fått tak i stolar til spisebordet, så Ole Reidar fekk plukka opp desse i Sogndal. Etter ankomst hytta fredag kveld starta jobben med å sette opp veggen under trappa. Dette var viktig å få på plass sidan elektrikaren skulle ta ein tur innom på laurdagen. Ei av oppgåvene var då å få på plass lampe i taket samt brytar i den nye boda.

IMG_6113 IMG_6095

Tidleg laurdag morgon var elektrikar på plass og fekk tatt unna ein del gjenståande ting. Han kjem igjen til veka og tek det resterande. Ole Reidar fortsette med å legge panel på den nye veggen før den vart beisa, lista og dør vart sett i. I tillegg vart endelig ventilatoren på kjøkkenet montert slik at den er operativ!

IMG_6103 IMG_6104

Søndagen vart i stor grad brukt på hemsen. Først vart loftstova rydda før dørene inn til soveromma på hemsen vart sett i. Til slutt vart golvet i loftstova olja. Det betyr at vi kan få lakka dette neste helg, slik at vi også kan få liste loftstova!

IMG_6097 IMG_6108

Det skal også nemnast at rørleggaren hadde vore innom i løpet av veka og montert opp den gjenståande dusjdøra på det vesle badet.

image

Oppsummert var det mange milepælar som vart nådd etter denne helga:

  • Siste rest av panel vart spikra opp
  • Siste døra vart sett i
  • Siste golvet vart olja
  • Rørleggaren er ferdig med sitt arbeid
  • Dei siste tinga er avtalt med elektrikar, og den jobben blir gjort kommande veke

Til helga reiser heile familen Hatlem Dvergsdal oppover, og då satsar vi på å få gjort unna endå fleire ting på lista 🙂

Det som gjenstår:

  • Listing –  loftstove samt dører på hems gjenstår
  • Innsetting av dører – begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – loftstove (olje og lakk  gjenstår
  • Montering av kjøken – lister og belysning gjenstår
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn/lys i badstu.
  • Innreiing av badstue
  • Oppsett av lettvegg under trapp
Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid, Interiør, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Mange milepælar unnagjort!

  1. Chriss Are seier:

    Fantastisk! 😀

  2. Ann Elin seier:

    Så utrolig stilreint😀og trappeboden ble kjempebra! Ser ingen argumenter no for at ikkje vi og må ha trappebod i vår hytte 👍

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s