Opprydding!

IMG_6088

Planen for denne helga var å rydde opp i rotet utvendig, men det vart tid til meir og!

Vi hadde bestillt container på 17m3 på førehand, så denne helga skulle brukast til å kaste alt mulig skrot som berre har vorte liggande sidan bygginga starta. Etter ankomst fredag kveld starta jobben med å kaste alt frå plast, isolasjon, pallar, malingsspan og mykje mykje anna. Vi trudde i utgangspunktet at vi hadde god plass i containeren, men etter ca 2 timar så var den full! Heldigvis hadde vi då fått stappa oppi det aller meste av rot og skrot som vi hadde liggande 🙂

Laurdagen fortsette vi med jobben vi var i gong med forrige helg. Etter nokre timar var både det minste gjesterommet, samt badstu og vaskerom ferdig lista.  Også vindauga på hemsen vart fora ut og isolert. Vi fekk og på plass foringar som har mangla på dørene inn til bada slik at desse kunne listast ferdig og det vart montert ventil og kanal mellom lite bad og vaskerom. Til slutt starta jobben med å male opp ei ny ladning med lister som skulle brukast rundt vindauga på hemsen, samt dei gjenståande dørene.

IMG_6086 IMG_6067

IMG_6066 IMG_6063

Opprinnelig var planen å ta ein fjelltur på søndagen, men arbeidsmoralen var framleis høg så då vart det til at vi starta med å liste taket på hemsen samt vindauga der oppe. I tillegg vart det gjort ei siste opprydding slik at vi fekk stappa mest mogleg opp i containeren før den vert henta til veka.

Neste helg er planen å få sett opp lettveggen under trappa, så her vart det kappa opp materiale til dette som igjen vart bært innandørs slik at det kan temperere seg. Det same vart gjort med ein del panel.

Som nemt tidlegare så gjenstår det kun for røyrleggaren å montere dusjdøra på det vesle badet. Når det er gjort og vi har fått kontrollerklæringa frå han kan vi sende inn anmodning om ferdigattest. Det skal bli bra!

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – eit soverom nede, eit soverom oppe, loftstove, vaskerom gjenstår
  • Innsetting av dører – begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – loftstove (olje og lakk) på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken – lister og belysning gjenstår
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn/lys i badstu.
  • Innreiing av badstue
  • Oppsett av lettvegg under trapp
Dette innlegget vart posta under Baderom, Bygging, Innvendig arbeid, Interiør. Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Opprydding!

  1. Trude Paulsen seier:

    Hei. Har vært en god del innom bloggen deres og sett. Dere har vært flinke 🙂 Vi skal selv igang med hyttebygging om ikke så lenge. ( Rondablikk ) Er på tomta og forbereder for tiden. Syntes fargen dere har valgt på hytta er fin. Hva heter den ?

  2. Karoline seier:

    No er det ikkje mykje igjenn 🙂 lykke til med siste innspurt! 🙂

    • Ole Reidar seier:

      Takk for det! Ser slutten på det innvendige arbeidet, så då er det berre å få plass terrassen så er vi heilt ferdige 🙂 Ser det går unna med dere også. Godt jobba!

Legg att svar til Karoline Avbryt svar