Listinga nærmar seg fullført!

IMG_5987

 

Etter nesten ein månad med pause frå hyttebygginga var det på tide å ta ei økt igjen. I pinsa var heile familen Hatlem Dvergsdal samla for å få gjort unna litt arbeid, men det vart også tid til soling, grilling og fjelltur!

Vi reiste oppover på laurdagen med ankomt litt utpå ettermiddagen. Denne dagen vart brukt til å liste taket på det minste gjesterommet nede samt å få malt opp ein del lister. Sidan veret var så bra kunne dette foregå utandørs!

IMG_6027

I tillegg vart det lagt silikon mellom vask og vegg på bad samt mellom benkeplate og vegg på kjøkkenet.

Laurdagen vakna vi opp til strålande ver og dette gjorde at vi bestemte oss for å starte dagen med ein fjelltur. Vi hadde eigentleg tenkt oss innover til Eidsbugarden og Fondsbu, men det viste seg at vegen frå Tyin og innover ikkje var opna endå. Dermed tok vi utgongspunkt i Tyin og vandra innover mot Kvannegrøberget (1325moh). Ein lett tur i fint terreng, og ein grei start på fjellivet for Martin. På veg ned att herifrå gjekk vi med utsyn innover mot Breikvam og majestetiske toppar!

Etter retur til hytta byrja vi med å fore ut dei dørene som gjenstod i første etasjen. Her blei det ei fin arbeidsfordeling med at Siv ordna med listene, mens Ole Reidar ordna med foringane. Så mens byggeleiaren tok seg ein lur fekk vi brukt opp listene som var mala, og dette gjorde igjen til at vi kunne liste «ferdig» gongen. Her gjenstår det kun to hjørnelister og taklista som skal gå fram til veggen under trappa.

IMG_6011

Sidan det var så flott ver måtte det tilbringast endå meir tid ute. Etter grilling og soling  gjekk vi laus på å rydde ut av det minste gjesterommet slik at dette vart klart for vask av golv og vidare beising. I tillegg vart dei siste to vindauga i første etasjen lista ferdig.  Til slutt blei det mala opp ei ny ladning med lister. Vi gav oss relativt tidleg slik at vi kunne nyte resten av den flotte sommarkvelden i ro og mak.

IMG_20140608_220316

Søndagen var veret like fint som den foregåande dagen og allereie før frukost hadde Siv rukke å lakke golvet på det vesle gjesterommet. Etter frukost fortsette jobben med å liste dører, samt at det vesle badet vart lista ferdig. I tillegg vart dusjsona fuga i overgangen mellom baderomspanel og fliser Her gjenstår kun list rundt døra og ei dusjdør for å kalle rommet 100% klart til bruk!

IMG_6043 IMG_6024
Vaskerommet vart også lista langs overgangen mellom fliser/panel, samt at det vart flytta ein masse overflødig flis og utstyr ut i kneveggane på hemsen. Ute av syne, ute av sinn.

IMG_6053

Kommande helg er planen å få ein container på plass for å rydde opp utvendig. Det er ei enorm mengde med rusk og rask som ligg og sleng rundt om, så det er absolutt på tide!

 

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – eit soverom nede, eit soverom oppe, loftstove, vaskerom og lite toalett nede gjenstår
  • Innsetting av dører – begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – eit soverom (lakk) og loftstove (olje og lakk) på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken – lister og belysning gjenstår
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – blir montert over påske
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn/lys i badstu.
Dette innlegget vart posta under Baderom, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s