Meir lister

Denne helga har Ole Reidar jobba med dører og lister på Filefjell. I tillegg vart det tid til å kvitte seg med ein del søppel som ein har måtta lagre innandørs den siste tida.

Etter ankomst fredag kveld vart det sett på lister rundt stovedøra og i tillegg sett i ei dør i gongen.

Laurdagen starta med å male ferdig listene som var lagt til sides på hemsen. Vidare vart all overflødig papp stappa i bilen og transportert til miljøstasjonen i Vang. Når ein kom tilbake starta jobben med å sette i resten av dørene i første etasjen. Dette betyr dør mellom gong og vaskerom, gong og lite bad, gong og gjesterom 1 og 2. Dette betyr at det kun er ei dør igjen som ikkje er sett på plass i første etasjen. Det er døra som skal gå inn til rommet under trappa. Men denne veggen er ikkje sett opp endå 🙂

Sidan det var så flott ver vart det også tid til litt utepils!

utepils

Søndagen vart hovudsakleg brukt til å liste alle dørene som vart sett i dagen før. I tillegg vart det tid til å sette på golvlister som følge av at mange dører var lista. Til slutt vart det gjort ei kraftig opprydding i gongen og på vaskerommet!

IMG_5596 IMG_5597 IMG_5600 IMG_5602

 

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – eit soverom nede, eit soverom oppe, loftstove, vaskerom og lite toalett nede gjenstår
  • Innsetting av dører – dør til lite toalett nede, to soverom nede, vaskerom og begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – eit soverom (lakk) og loftstove (olje og lakk) på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken – lister og belysning gjenstår
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – blir montert over påske
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn/lys i badstu.
Reklame
Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Meir lister

  1. Ann Elin seier:

    Hei. Vi er litt frem og tilbake når det gjelder trappebod. Morten på familiehytta råder oss fra det, pga smale trinn i trappen, som vil gjøre det farlig og vanskelig for voksne å gå på trinnene. Vi har veldig lyst på trappebod, da det er praktisk med ei bod når man har mye ting og tang 😉 har dere fått liknende kommentarer vedrørende deres trappebod? 🙂

    • Ole Reidar seier:

      Hei! For vår del var det aldri tvil om at vi skulle ha bod under trappa på grunn av behov for oppbevaring. Skjønnar ikkje argumentet med smale trinn forhos oss ville trappa vore like brei uansett…

      • Ann Elin seier:

        Supert. Det var dette svaret jeg håpet du ville gi. 🙂 Da blir det trappebod.Så da Opplever dere ikke at det er vanskelig å gå opp og ned i trappen fordi den er tett?

      • Ole Reidar seier:

        Ingen problem å gå i trappa sjølv den har lukka trinn nei. Vil nok tru at dette var eit større problem tidligare. Rondablikkmodellen blei endra i 2012 slik at ein fekk plass til ei trapp som er mindre bratt enn den var før 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s