Trapp montert og kjøkkenskap på plass

_MG_5496

 

Heile familien reiste oppover om formiddagen på laurdag. Målet var å få montert trappa som var levert tidlegare i veka. Jammen fekk vi gjort dette og litt til!

Som dei faste lesarane har fått med seg hadde vi problemer med at trappa vi opprinnelig fekk levert var feil. Denne veka vart ny trapp levert og det første vi sette i gong med når vi kom opp på laurdagen var å sette saman denne.

IMG_5452

Det vart litt spekulering på plassering av ho i forhold til høgde og lengde, men til slutt fann vi ein bra posisjon og skrudde fast både trapp og rekkverk. Når dette var gjort var planen å sette i gong å skru opp overskapa på kjøkkenet, men her fann vi ut at skruane vi hadde planlagt å bruke ikkje var mulig å lokalisere. Så i staden for vart det å slå seg til ro i sofaen. Ikkje så verst det heller 🙂

IMG_5485

Ole Reidar tok seg ein tur ut for å knipse litt bilder rett før midnatt denne flotte kvelden. Det var nokre minusgrader og tilnærma skyfritt, noko som borger for fine bilder:

 

IMG_5486 _MG_5497

Når søndagen kom vart vi nok ein gong møtt med eit fantastisk flott ver!

_MG_5514

På føremiddagen monterte Ole Reidar opp tv-benken i stova, mens Siv starta med å male lister som kan benyttast rundt dører og vindauger. Når byggeleiaren skulle ha seg ein lur var det passande å smette nedom butikken på Tyinkrysset for å få tak i skruane vi mangla og så starte på jobben med å henge opp overskapa på kjøkkenet. Her hadde Siv ein glitrande ide med å bruke benken vi har til spisebordet som underlag. Når vi bygde opp denne hadde vi plutselig riktig høgde til skapa og monteringa gjekk dermed som ein draum!

_MG_5528 _MG_5557

Mens Ole Reidar og Martin fullførte monteringa av tv-bordet og fekk satt på dører på overskapa, så beisa Siv trappa. Her har vi gjort det enkelt og valt å beise både trapp og rekkverk i same farge som vi har på veggane både i loftstova og i gongen nede, skumring.

IMG_5560

Så alt i alt to veldig produktive dagar. Vi let oss stadig imponere over kor tolmodig byggeleiaren (Martin) er!

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – eit soverom nede, eit soverom oppe, loftstove, vaskerom og lite toalett nede gjenstår
  • Innsetting av dører – dør til lite toalett nede, to soverom nede, vaskerom og begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – eit soverom (lakk) og loftstove (olje og lakk) på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken –  overskap gjenstår lister og belysning gjenstår
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – blir montert over påske
  • Montering av trapp – Ny trapp blir levert i månadskiftet april/mai
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn/lys i badstu.

 

Dette innlegget vart posta under Innvendig arbeid, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s