Påska 2014

_MG_5390

 

Dermed er påska 2014 snart over, og vi kan sjå tilbake på nokre dagar med flott framdrift på hytta. Arbeidet har i hovudsak konsentrert seg om stove/kjøkken, noko som har gitt resultat!

Heile familien reiste oppover måndag 14. april med bilhengar lasta med kjøleskap og steikeomn. Som nemt i dette innlegget så hadde IKEA rota ein del med leveransen vår på kvitevarene, samt at trappa var feil. Begge desse tinga er no heldigvis ordna opp i. All ros til både IKEA og Familiehytta for å snu seg rundt for å finne løysingar!

Planen var å reise opp tidlegare, men pga litt ruskete ver i palmehelga vart avreisa utsett. Rett før vi skulle reise kom vi over ein benk og eit spisebord på Finn.no som vi kunne tenkt oss på kjøkkenet. Vi reiste dermed vidare til Norefjell den påfølgande tysdagen for å hente dette. Her stoppa vi og overnatta på Norefjell Resort, noko som kan anbefalast på det varmaste! Onsdagen reiste vi så innom IKEA på Slependen for å plukke med oss diverse møblar før vi sette kursen tilbake til Filefjell.

Vi putla litt på med montering av skuffer og frontar på kjøkkenet på kveldstid, men det store støtet i forhold til listing, rydding og skruing føregjekk torsdag, fredag og laurdag. Her fekk vi malt lister, montert taklistene i skråtaket, lagt ein del gulvlister, montert foringar, isolert rundt og lista alle vindauga i stova/kjøkkenet, samt sett i alle ventilar i vindauga. Og rydda og vaska veggar og gulv i stove/kjøkken. I tillegg er alle benkeskapa ferdig monterte med frontar, samt kvitevarer på kjøkkenet. Undervegs i denne monteringa så dukka denne skapningen opp, og han vart straks døypt Gyngehelge 🙂 Han vert fast inventar på hytta framover!

IMG_5344

 

Summen av alt dette arbeidet gjorde at vi seint laurdagskveld kunne montere sofa og plassere ut både benk og bord, og dermed fekk vi endelig skikkelig følelse av korleis det blir å oppholde seg på hytta!

Søndagen fekk vi på plass døra mellom gong og stove, og i tillegg gjort trappa klar for retur. Dessutan vart det starta på listing av det vesle toalettet, slik at røyrleggaren kan gjere seg ferdig der. I tillegg er det alltid nok å rydde på, så det vart tatt i eit tak på den fronten også!

img_5381 IMG_5375 IMG_5367 _MG_5407 _MG_5406 _MG_5402

No blir det nokre veker til vi kan reise opp att, men det er godt å vite at vi kjem stadig nærare eit ferdig resultat. Dette gjer godt for arbeidsmoralen for det vidare arbeidet!

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – eit soverom nede, eit soverom oppe, loftstove, vaskerom og lite toalett nede gjenstår
  • Innsetting av dører – dør til lite toalett nede, to soverom nede, vaskerom og begge soverom på hems gjenstår
  • Behandling av golv – eit soverom (lakk) og loftstove (olje og lakk) på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken – benkeskapa, benkeplate, vask og koketopp montert kun overskap gjenstår
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – blir montert over påske
  • Montering av trapp – Ny trapp blir levert i månadskiftet april/mai
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator og ei avtrekksvifte. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn.
Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Påska 2014

  1. Chriss Are seier:

    Fantastisk å se resultatet etter innsatsen i påska! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s