Meir lister og vatn i springen på kjøkkenet!

Denne helga har Ole Reidar jobba på hytta aleine, og det har hovudsakleg gått i listing.

Det store spenningsmomentet denne helga var å inspisere benkeplata som ein lokal snekkar hadde montert i løpet av veka. Dette såg veldig bra ut, og alt er dermed klart for at elektrikaren kan koble til koketoppen. Melding vart sendt til røyrleggar om at han kunne koble til vasken, og han stakk innom på laurdagen for å ordne dette. Han hadde samtidig med seg toalett, dusj og servant til det vesle badet. Her satsar ein på montering rett over påske. Viss dei får ledig kapasitet kan det hende dei tek det før også, men det er nok lite sannsynleg (og heller ikkje viktig).

IMG_5175 IMG_5176

Forrige helg vart det gjort ein del arbeid på det eine gjesterommet og denne jobben fortsette på fredagkvelden. Her er status at alt av listing er gjort med unntak av listene som skal vere rundt døra, og golvlister som skal vere på kvar side av døra. I tillegg må foringane til vindauget tilpassast og listene monterast.

IMG_5167 IMG_5169

Laurdagen vart brukt til å liste «master bedroom» heilt ferdig. Jobben gjekk temmelig greit og det er ingen tvil om at det er utvendige hjørner som er det som er mest pirkete å få til.

Utanom det blei det tid til å liste litt av taket i stova og delar av det eine soverommet på hemsen. Det andre soverommet vart så tømt for alle sengene som er blitt lagra her, og så vaska, sidan planen var å olje golvet i løpet av helga. Når det var gjort var det blitt langt på kveld og på tide å gi seg.

IMG_5171

Søndag formiddag starta med å bruke eit par timar på å olje golvet på soverommet oppe. Etter dette starta arbeidet med taklister i gongen, før det vart sett på foringar og lister rundt ytterdør og terassedør. På dette tidspunktet vart det konstatert at det berre var å få lempa ut det som ikkje treng å ligge inne (i stova), så ein bråte med overflødig golvbord og panel blei slengt under pressening på utsida. Alle ting som kan skape plass i stova blir godt mottatt no!

IMG_5181 IMG_5178 IMG_5172

Neste runde blir i påska. Her er vi ikkje sikre på kor lenge vi kjem til å bli og heller ikkje kor mange som kjem til å vere der, men at det blir gjort litt då også er det nok ingen tvil om!

Det som gjenstår etter denne helga:

  • Listing og utforing – bad ferdig, to av soveromma nede påbegynt ferdig, stove, gong og eit soverom på hems påbegynt
  • Innsetting av dører – dørene på stort bad, stort soverom og badstove er montert og lista.
  • Behandling av golv – eit soverom og loftstove på hemsen gjenstår
  • Montering av kjøken – benkeskapa, benkeplate, vask og koketopp montert
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – blir montert over påske
  • Montering av trapp – Nye mål tatt.
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator og ei avtrekksvifte. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn.

 

 

 

 

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s