Denne helga har heile familien Hatlem Dvergsdal jobba på Tyinkrysset!
Sidan ein ankom Tyinkrysset seint fredag kveld så vart det ikkje gjort noko denne dagen. På laurdagen starta jobben med å skumme vindauger og dører slik at desse er klar for utforing og listing. Det viste seg raskt at vi hadde med oss for lite skum, så vi rakk kun å gjere ferdig bad, soveromma nede og ca halve stova.
Siv rakk å lakke over to strøk på soverommet på hemsen som var olja forrige helg. Samtidig med dette starta Ole Reidar jobben med å fore ut og liste vindauget på det store badet. Ein tidkrevjande og pirkete jobb, men etter litt styr vart resultatet akseptabelt:
Vi har valt å skumme rundt vindauga og så bruke vanleg isolasjon mellom bindingsverket og utforingar. Dermed får vi brukt opp noko av den isolasjonen vi har til overs!
Vidare fekk vi sett i døra på «masterbedroom» og satt på lister på innsida her.
Når dette var gjort var planen å sette i gong med å montere trappa. Alle dei tre store kollia vart lempa ned frå hemsen og mannen i husstanden var som vanleg ivirig etter å starte montering, men fruen påpeika at det kunne vere greit å sjekke om trappevangane passa i opninga. Og TAKK for det! Her viste det seg desverre at trappevangane er for lange! Så her har vi kontakta Familehytta for å avklare kva som skjer vidare:
Søndag morgon starta vi med å finjustere benkeskapa og legge på benkeplata. Til veka kjem ein lokal snekkar for å kutte til benkeplata slik at vi får på plass vask og benkeplate. Her kan det forøvrig nemnast at IKEA har prestert å levere det meste feil på kvitevarefronten. Vi har tidligare vore klar over at oppvaskmaskina har mangla, men når vi no kikka nærmare etter er det strengt tatt ingenting som er riktig:
- Oppvaskmaskin mangla
- Vi har ikkje fått omn, men fått mikrobølgeomn
- Koketoppen er ein anna enn den vi bestilte
- Vi har fått to ventilatorar
Vi har litt skuld i dette sjølve sidan vi ikkje sjekka leveransen nøye ved ankomst i fjor. Men heile leveransen vart sett på lager umiddelbart og har stått lagra fram til kjøkkenet no skulle sendast vidare til endeleg destinasjon. Så når det har gått så lenge som det har, så spørs det kva IKEA seier til dette. Saksgang pågår!
Etter at benkeskapa var på plass så begynte Ole Reidar å liste tak og veggar på soveromma, mens Siv starta med tilpasningar som må gjerast rundt vindauger og dører når desse skal listast.
Etter lunsj i det fri så vart konklusjonen at vi avslutta tidleg for å vende snuten heimover!
PS: Forøvrig var det kjekt å sjå at elektrikaren hadde rukke å montere taklampene i dei romma som skal ha dette, samt at det såvidt begynner å blir vår også på fjellet!
Det som gjenstår:
- Listing og utforing – bad ferdig, to av soveromma nede påbegynt
- Innsetting av dører – dørene på stort bad, stort soverom og badstove er montert og lista.
- Behandling av golv – eit soverom og loftstove på hemsen gjenstår
- Montering av kjøken – benkeskapa er montert og plassert.
- Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – delane står hos røyrleggar.
- Montering av trapp – skal bli «morro» å sjå når denne blir montert.
- Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator og ei avtrekksvifte. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn.
Tilbakeping: Påska 2014 | Finndalskroken 27