Beising, oljing, lakking og listing

IMG_4837

Denne helga har Ole Reidar vore på hytta aleine. Jobben har bestått i å ta unna diverse gjenståande arbeid med finish, samt å starte på listing.

Sidan det var avtalt med elektrikar at han skulle vere på hytta fredagen reiste Ole Reidar oppover torsdag ettermiddag. Ved ankomst var det enorme mengder snø i vegen. Sidan forrige helg var det nok kome ca. 1 meter snø, så det var umulig å komme seg opp med bil. Heldigvis var brøytemannen rett nedi høgget så han kom og fresa opp veien.

Torsdag kveld vart brukt til å beise golvet på det eine soverommet, samt å halde fram med beising av dei gjenståande veggane i gongen.

Fredagen vart hovudsakelig benytta til å beise ferdig heile gongen, samt bistå elektrikaren med litt trekking av kablar. Elektrikaren fekk montert ein del kontaktar som har stått igjen, men uheldigvis mangla han den eine som skal vere bak eine skapet i tilknytning til kjøkkenet. Det betyr at det ikkje vart gjort noko meir med dette i denne omgong. Han kjem tilbake til veka for å ordne dette, samt diverse anna småtterier. Det kjekke var at han fekk kobla til lyset i stova slik at alle tre spotsonene no fungerer. Hurra!

IMG_4825 IMG_4814 _MG_4819

I tillegg vart golvet på det eine rommet på hemsen olja. Det vart heldigvis ikkje like mykje arbeid med å olje her oppe sidan anvisninga på spannet var annaleis enn dei spanna vi hadde brukt nede, her stod det nemlig at ein kunne polere med klutar undervegs, og dette gjorde naturligvis underverk for resultatet!

Til slutt vart det fuga mellom sokkellista og baderomspanelet i dusjen, og golvet på det eine soverommet nede vart lakka med to strøk.

Laurdagen starta jobben med å gjere ferdig trappeopninga. Her har det vorte ståande igjen litt i påventa av korleis løysinga skulle bli med både vegg og sjølve trappa. No når alt var på det reine var det berre å sette i gong med snekring. Etter at det var komt på plass var det tid for å beise i fargen «skumring» slik at det vart likt med resten av veggane rundt. På slutten av dagen vart det også mala ein del lister som skal vere kvite (rundt dører, vindauger og på f.eks bad) slik at desse var klar til neste dag.

IMG_4826 IMG_4822

Søndag morgon starta jobben med å gjere ferdig badet. Det som har gjenstått her er lister rundt inngongsdør, badstudør, vindauge og taklister. Starta her med badstudøra, og etter å ha få stillt inn saga skikkelig vart resultatet tilfredsstillande:

IMG_4836

Vidare vart taklistene montert før inngongsdøra vart tatt ut, karmen justert og montert på ny før listene kom på plass. Det var fristande å sette i gong med utforingane rundt glaset også, men sidan det må skummast og dei må tilpassast ein smule så vart det til at dette får vente til neste gong. Sjølv om det er mykje jobb med listing så er det i allefall godt å vere komen i gong!

IMG_4837

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing – alle rom utanom det store badet.
  • Innsetting av dører – dørene på stort bad og badstove er montert og lista.
  • Behandling av golv – to soverom  og loftsstove gjenstår å olje/beise, eit rom kan lakkast neste helg.
  • Behandling av veggar – 2/3 av gong gjenstår.
  • Montering av kjøken – benkeskapa er montert og plassert.
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – delane står hos røyrleggar.
  • Montering av trapp.
  • Elektrikararbeid – gjenstår montering av ventilator og ei avtrekksvifte. Manglar også brannvarslarar, panelomnar og badstuomn.
Dette innlegget vart posta under Baderom, Bygging, Interiør, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s