Starten på kjøkkenmontering og litt til

Denne helga var Siv, Martin og Ole Reidar på plass på Tyinkrysset for å starte montering av kjøkken samt litt anna.

Fredagen starta med å bære alt som var av møblar (kjøkken, sofa, stolar og pall) frå gongen der det hadde vore lagra og inn i på det ferdige golvet i stova. Vidare fekk Siv lagt på eit strøk med lakk på det største soverommet.

Laurdagen starta jobben med å montere sammen benkeskap og overskap på kjøkkenet. I tillegg måtte byggeleiaren (Martin) luftast litt i blant 🙂 Tidleg kveld kunne vi begynne å sette skapa på plass langs veggen:

IMG_4715

I tillegg fekk Siv lakka golvet på det store soverommet nok ein gong og dermed er dette soverommet klart med unntak av dør og lister. Vi rakk også å plassere senga til byggeleiaren inntil soverommet hans er klart.

IMG_4753

På søndagen fortsette jobben med å sette opp benkeskapa. Her vart vi litt usikre på plasseringa av siste skapet pga. kontaktar som «kom i vegen».  Her skal elektrikar få gjere jobben sin ferdig. I tillegg fekk vi rydda alle listene ut frå gongen og inn i stova igjen. Litt surt å «fylle opp» stova, men herlig å få rydda ut av gongen slik at denne er klar til beising!

IMG_4740 IMG_4742

Etter planen skal Ole Reidar reise oppover kommande torsdag for å få gjort meir på kjøkkkenet, samt gjort unna diverse beising og lakking. Vi håpar også at det blir tid til litt listing. Planen er at elektrikaren også skal vere med ein dag eller to for å få gjort unna det gjenståande.

Det som gjenstår:

  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører – dørene på stort bad og badstove er montert
  • Behandling av golv – eit soverom er ferdig, to soverom er klar for oljing/beising/lakking
  • Behandling av veggar – 2/3 av gong gjenstår
  • Montering av kjøken – benkeskapa er montert og plassert
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – delane står hos røyrleggar
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Montering av taklamper i soverom må også gjerast.
Dette innlegget vart posta under Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s