Kjøkken og første lass med møblar har ankomme Finndalskroken!

web_IMG_4608

Denne helga har Siv og Ole Reidar frakta diverse møblar samt kjøkkenet opp til Tyinkrysset. I tillegg til dette har det blitt tid til litt anna også.

Det heile starta fredag ettermiddag då vi var på Bohus for å hente sofa, stolar, pall og 6 sengar som var bestillt der. På førehand hadde Ole Reidar fått tak i ein stor varebil som ein rekna med skulle klare å få med seg dette i eit lass. Slik skulle det ikkje gå! Sidan 4 av sengane var ramemadrasser tok desse mykje plass, og det var berre å innsjå at desse måtte fraktast saman med kjøkkenet. Dei vart difor plassert midlertidig i huset heime før dei var frakta vidare.

Lørdag morgon gjekk så turen via foreldra til Ole Reidar (som passa byggeleiaren denne helga) og opp til  Filefjell med første lass. Når vi kom fram starta vi umiddelbart med å vaske over golvet i stova for å gjere dette klart til lakking. Det var riktig som Karoline påpeika i forrige innlegg at fargen var blitt meir grå/brun enn blå no, så det var vi godt fornøgde med. Etterkvart starta Siv med å lakke golvet, mens Ole Reidar vaska og beisa veggen som går frå hemsen og ned i gongen. Etter at dette var gjort lempa vi inn sengane, stolane og sofaen med tilbehør. Rammemadrassene havna på hemsen der dei skal vere, mens resten vart spreidd på gongen og soveromma. Litt utpå kvelden gjekk turen tilbake til Førde for å laste inn dei to gjenverande madrassene.

Tidleg søndag morgon gjekk turen nok ein gong til foreldra til Ole Reidar. Denne gongen for å hente kjøkkenet som har låge lagra her i eit drygt år. Ulempa med å ha det lagra så lenge er at vi no lurer på om vi eigentleg har fått oppvaskmaskina levert, men vi statsar på at ei oppryddning på lageret gjer at den dukkar opp! Uansett så lasta vi inn det vi fann av kjøkkenpakkar og sette kursen tilbake til Filefjell. Vel framme tørka Siv over golvet i stova igjen før det blei lakka på nytt med tre stjerners golvlakk i matt utførelse. Samstundes vaska Ole Reidar golvet på det største soverommet, samt beisa dette med interiørbeis i fargen skumring. I tillegg vart govlet på det eine soverommet på hemsen gjort klart for oljing.

Når alt dette var overstått vart det konkludert med at golvet i stova/kjøkken ikkje var tørt nok etter den andre runda med lakk, så vi fann ut at vi kunne plassere kjøkkenpakkane i badstova(!) midlertidig. Dermed er alt av kjøkken minus den berømte oppvaskmaskina kome på på plass på Tyinkrysset. Vi manglar også kjøleskap så dette får vi ta samstundes med at vi fraktar oppvaskmaskina.

Neste helg har Ole Reidar vakt, så då blir det ikkje jobbing på hytta. Om to veker er planen å reise opp igjen og den gongen blir førsteprioriteten å starte oppbygginga av kjøkkenet. I tillegg bør nokre av soveromma lakkast og i tillegg bør listene som no ligg i gongen flyttast inn att i stova slik at desse er klar til behandling.

Revidert arbeidsliste:

  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører – dørene på stort bad og badstove er montert
  • Behandling av golv – stove/kjøkken er ferdig, har beisa eit soverom og gjort eit rom på hemsen klart for oljing.
  • Behandling av veggar – 2/3 av gong gjenstår
  • Montering av kjøken – kjøkkenet er på plass klart for å bli skrudd opp!
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet – delane står hos røyrleggar
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Montering av taklamper i soverom må også gjerast.
Dette innlegget vart posta under Innvendig arbeid, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Kjøkken og første lass med møblar har ankomme Finndalskroken!

  1. Chriss Are seier:

    Igjen veldig imponerende arbeid

  2. Karoline seier:

    Godt fargen på golvet har bedra seg i fargen 🙂
    Kjekk milepel å få inn litt møblar 🙂 Godt jobba!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s