Ferdig med panel!

IMG_4293

 

Denne helga har Ole Reidar vore aleine på Filefjell for å gjere unna siste rest av panel. Jammen blei det tid til å gjere litt anna og!

 

På veg oppover fredag snødde det ganske kraftig og allereie i Lundebotn kom forvarselet om at det kunne bli kaos med lastebilar på tvers og mykje nødblinkar undervegs. Hemsedalsfjellet var stengt pga dårleg ver så det var ganske mykje trafikk over Filefjell denne kvelden. Når Ole Reidar kom fram starta jobben med å legge siste veggen på det vesle badet. I tillegg vart den eine kortveggen lekta ut og lagt panel på. Her hadde det gått litt fort tidlegare slik at montering av lister rundt døra ville sett rart ut med veggen ca 3 cm tjukkare på eine sida enn den andre!

IMG_4312 IMG_4313

 

Heilt på tampen fredag vart dei siste få lengdene på vaskerommet tatt, slik at også dette rommet er ferdig panelert.

Etter ei god natts søvn var det berre å gyve laus på det som stod igjen i stova på laurdagen. Dette betyr veggen mellom stove og gong (begge sider) , samt skråtaka i stova. Jobben gjekk i grunn greiare enn forventa og tidsbruken var vesentlig mindre enn frykta. Det er heilt opplagt at Ole Reidar aldri vert ein møbelsnekkar, så lister er ein god ting!

 

IMG_4303 IMG_4304 IMG_4310 IMG_4305 IMG_4306

 

Når dette vart ferdigstillt er faktum at det aller meste av veggpanel er ferdig! Det gjenstår riktignok eit lite rom under trappa (når den vert montert) og nokre få bord på hemsen, men det er riktig å seie at dette føles som ein stor milepæl!

Utpå kvelden på laurdagen starta spekuleringa på korleis ein best skulle legge til rette for at det skal leggast golv i stova/kjøkken. Det viste seg raskt at noko av det første som måtte gjerast var å rydde rommet. Dermed måtte bl.a dører og karmar ut. Og då var det jo sjølsagt ikkje noko som var betre enn å berre monterte ein karm og ei dør der dei høyrer heime!

Søndag morgon starta jobben med å sette inn døra mellom gong og bad (greit med privatliv på badet). Jobben gjekk rimelig greit sjølv om det kun var ein person om jobben og dermed litt vrient å få vatra, så det gjenstår litt finjustering før døra er 100%. Uansett kjekt å få på plass første døra, ei spesiell kjensle å kunne late att eit rom!

IMG_4302 IMG_4315

 

Resten av søndagen gjekk med til å rydde klart (så langt det let seg gjere) for golvlegging i stove/kjøkken). Her blir strategien å legge litt og litt, og så flytte resten av materialen over på dette etterkvart. Det begynner å bli trangt inne i forhold til plassering av materiale som er oppimot 5 meter lange!

IMG_4310 IMG_4307

 

Forøvrig ein fantastisk følelse å kunne avslutte arbeidshelga med å dusje! Ny opplevelse og det fristar til gjentaking 🙂

 

Avsluttar som vanleg med revidert «to-do»- liste:

  • Veggpanel i stove/kjøkken – kun finish gjenstår
  • Veggpanel i gong – vegg mellom stove og gong gjenstår
  • Golv i stove/kjøkken 
  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører – døra til badstova og badet er montert
  • Behandling av golv og panel – eit soverom på hems, loftsstove og eit soverom nede er ferdig
  • Veggpanel på vaskerom – kun finish som gjenstår
  • Montering av kjøkken
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet.
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Taklamper i soverom er innkjøpt og elektrikaren tar det når han er i området.

Det er mogleg Siv, Ole Reidar og Martin tek  turen til Filefjell til helga, men uansett er det planlagt dugnad helga etter det då foreldra til Ole Reidar blir med!

Og som ein bonus til dei som har holdt ut heilt til botnen av dette blogginnlegget legg eg ut eit vakkert bilde av Skørnøse (1453moh) bada i sol

IMG_4288

Skørnøse (1453 moh) 12.01.14

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Ferdig med panel!

  1. siss seier:

    Kjempe flott hytte blogg.. Vi skal sette opp en lik hytte rondablikk163 i mars. Ved å lese bloggen deres har vi fått mange ideer og tips. Lykke til videre..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s