Siste innspurt før jul!

IMG_3748 _MG_3757

Denne helga har Jan Rune og Ole Reidar brukt tida til å snekre badstove og legge golv på det siste soverommet!

Vi kom opp tidleg på ettermiddagen fredag. På førehand hadde Ole Reidar avtalt med elektrikaren at han skulle gjere klar bl.a badstova slik at vi kunne ha panel på her. Når vi var nesten framme fekk Ole Reidar telefon frå røyrleggaren som kunne fortelle at også han hadde vore innom og montert dusjdørene på det store badet. Einaste ulempa her var at magnetlista på eine døra var levert feil, men her hadde han allereie bestillt ny og skulle komme oppom med denne på nyåret. Akkurat i det vi kom til hytta gjorde elektrikaren seg klar til å reise. Han hadde nokre andre oppdrag han måtte ta før helga, så han hadde ikkje rukke å montere taklampene slk vi hadde håpa, men badstova var heldigvis klar! Så vi starta med dette og fann ei god arbeidsfordeling der den eine spikra panel, mens den andre handterte saga. I løpet av fredagskveld var taket, den største veggen samt veggen mot kjøkkenet lagt ferdig og to slitne karar kunne ta kvelden.

Laurdagen fortsette vi med å legge panel i badstova. Denne tok vi veggane som vender ut mot badet. På den minste av desse sette vi i to ventilar: Ein for friskluft inn nede ved golvet og ein oppe ved taket for å sleppe ut varmluft ved behov. I tillegg brukte vi litt tid på ettermiddagen på å få i døra inn mot badet. Her fann vi ut at det var greiast å skrue ut døra frå sjølve karmen pga tyngda. Med litt klossing rundt om fekk vi til slutt eit tilfredstillande resultat:

IMG_3760 IMG_3762

Dette betyr at badsova er ferdig grovsnekra og at det kun gjenstår å snekre benkar samt legge lister. Elektrikaren skal også installere omn og lampe.

Etter å ha gjort ferdig badstova hadde vi berre 6 dykkertar igjen, så planen om å fikse diverse panel som gjenstod ellers i hytta gjekk dermed i vasken. Vi bestemte oss dermed for å legge golv på det siste soverommet. Sidan dette rommet har blitt brukt som «lager» betydde det at vi måtte flytte dører, isolasjon og diverse anna rundt omkring i hytta og badstova vart fort ein godt eigna plass til å oppbevare isolasjon. Ute av syne, ute av sinn.

Når vi gav oss natt til søndag hadde vi støvsuga golvet, lagt plast, lekta og isolert. Dermed var alt klart for å legge sjølve golvet på søndagen. Etter ei god natts søvn var pågangsmotet på topp søndags morgonen og etter 4 timar med jobbing var jobben gjort!

IMG_20131222_110324 IMG_3767

Veret denne helga var stort sett godt vinterver. På fredagen når vi kom opp var det klart og kjølig, og dette heldt stand utover kvelden. I løpet av natta var det -14, og utsikta som møtte oss på morgonen laurdag var nydelig!

IMG_20131221_121600 IMG_20131221_121613

Etterkvart byrja det å snø ganske bra og når vi reiste søndag ettermiddag var det nok kome 30-40 cm nysnø:

IMG_20131222_091708 IMG_20131222_152916

Med revidert «todo»- liste ynskjer vi alle ei riktig god jul!

  • Veggpanel i stove/kjøkken – kun finish gjenstår
  • Veggpanel i gong – vegg mellom stove og gong gjenstår
  • Golv i stove/kjøkken og eit soverom
  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører – døra til badstova montert
  • Behandling av golv og panel – eit soverom på hems, loftsstove og eit soverom nede er ferdig
  • Veggpanel på vaskerom – kun finish som gjenstår
  • Montering av kjøkken
  • Møblar, toalett og dusj på det vesle badet.
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Taklamper i soverom er innkjøpt og elektrikaren tar det når han er i området.
  • Panel i badstova
Dette innlegget vart posta under Baderom, Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s