Innvendig beising samt diverse rydding og småtterier

Denne gongen har både Siv, Martin og Ole Reidar tilbrakt nokre dagar på Tyinkrysset!

Sidan vi har fri nokre dagar i veke 51 så vart det til at vi reiste oppover på lørdagen med retur mandag. Ergo ca same tid som om vi hadde vore der oppe ei vanleg helg. Sidan Martin var med så var det han som styrte tempoet, men alt i alt kan ein ikkje seie at han har vore noke hindring!

I forkant av denne helga hadde vi hatt kontakt med både elektrikar og røyrleggar og fått bekrefta at det store badet så og seie er ferdig.  I tillegg var det montert vask på vaskerommet, samt at varmtvannsberedar var på plass. Elektrikaren hadde kobla opp avtrekksvifte på badet, samt lagt varmekabel i vassinntaket. Rein luksus!

IMG_3711 IMG_3720 IMG_3721

Laurdagen brukte vi til å beise ferdig det eine soverommet på hemsen. I tillegg vaska vi over veggane på det minste soverommet nede og tak på loftsstova og det eine soverommet på hemsen. Dermed var dette klart for beising på søndagen!

Søndagen beisa Siv taket på det eine soverommet på hemsen, samt veggane på soverommet nede. Ole Reidar beisa taket i loftsstova to gonger og mens Siv jobba med beisinga nede rakk han  å henge opp speil og gjere klart for at elektrikaren kan koble til lys over dette. Moro at det ser ut til at det største badet blir det rommet som blir først ferdig (kun dusjdører som gjenstår av innreiing)! I tillegg vart siste baderomsplata montert på det minste badet . Ein milepæl berre det!

IMG_3708 IMG_3709 IMG_3716 IMG_3719

Når det gjeld fargar har vi bestemt at soveromma nede skal ha fargen drivved på veggane i staden for patinagrå som er på soveromma oppe. Dermed er vala som følger:

  • Soverom, hems: Patinagrå
  • Loftsstove og gang: Skumring
  • Soverom nede: Drivved
  • Stove: Stølsbrun
  • Tak hems: Hvitkalket

Måndagen brukte Ole Reidar til å legge litt panel i stova, mens Siv vaska det største soverommet og starta med klargjeringa av det gjenståande soverommet på hemsen. Til slutt flytta vi alt av lister og lekter ut i gongen slik at det stort sett er panel og golvbord som ligg igjen i stova. Det er framleis skremmande mengder av material igjen, spesielt panel (her har vi garantert for mykje)!

IMG_3724

Kommande helg skal Ole Reidar på julebord, så om alt går etter planen vert det ikkje reist oppover igjen før siste helga før jul. Då reiser Ole Reidar oppover aleine, og planen er då å få lagt panel i badstova. I tillegg gjenstår det litt på det minste badet, vaskerommet og i stova.

«To do»- lista ser dermed slik ut:

  • Veggpanel i stove/kjøkken – kun finish gjenstår
  • Veggpanel i gong – ein vegg gjenstår
  • Golv i stove/kjøkken og eit soverom
  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører
  • Behandling av golv og panel – eit soverom på hems, loftsstove og eit soverom nede er ferdig
  • Oppsett av baderomspanel på bada
  • Veggpanel på vaskerom – kun finish som gjenstår
  • Montering av kjøkken
  • Dusj på det store badet og møblar, toalett og dusj på det vesle badet.
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Taklamper i soverom er innkjøpt og elektrikaren tar det når han er i området.
  • Panel i badstova
Dette innlegget vart posta under Baderom, Innvendig arbeid, Interiørbeis. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Innvendig beising samt diverse rydding og småtterier

  1. Karoline seier:

    Her går det frammover ja!
    Ser ut til å bli ei kjempe flott hytte! 🙂
    Stå på, siste innspurten no frammover!

  2. Ole Reidar seier:

    Takk for det Karoline! Arbeidsmoralen er framleis på topp sjølv om vi for tida jobbar med småting som tek tid. Ser fram til å få gjort unna golvet i stova slik at vi får på plass kjøkkenet! Men som du er inne på nærmar vi oss oppløpssida, og bra er det 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s