Oppsett av baderomsmøblar og diverse panel

Denne helga har Ole Reidar vore i sving aleine på Tyinkrysset. Det har medført ei blå nagl, men også at ein del panel er komt på veggen!

Etter ankomst fredag kveld starta jobben med å montere Defa sitt anlegg for fjernstyring av varme og avlesing av temperaturar. Vi har også innbruddsalarm i form av sensor på inngongsdøra samt bevegelsessenor i stova kobla til dette systemet. Sjølve oppsettet var i grunn ganske enkelt og det er jo snaut å kunne styre alt dette enten via PC eller app på mobilen.

IMG_3386 IMG_3387

Vidare var arbeidslysta såpass stor at baderomsmøbelet på det store badet blei hengt opp på veggen. Dette var i grunn ein grei jobb å gjere sjøl om ein var aleine. Sidan vasken blei lagt oppi sjølve skapet til slutt så blei det ikkje for tungt, og sidan vi ikkje hadde lukka veggen bak så var det enkelt å få spikarfeste på plass. Resultatet vart utmerka!

IMG_3385

Laurdagen var det på tide å leite fram agressjonen knytta til baderomspanel igjen. Denne gongen var det platene på det vesle badet som skulle monterast. Sidan det kun er snakk om fire plater og to hjørner skulle dette i utgangspunktet vere grei skuring. Jobben gjekk i grunn ganske greit, men nok ein gong er det berre å erkjenne at dette tek tid. Tidleg på kveld var det på tide å ta siste plata, men då viste det seg at det var tomt for fugemasse. Så det blir anledning til å irritere seg litt meir ved ei seinare anledning! I allefall ser badet slik ut så langt:

IMG_3379

Etter dette stuntet var det på tide å legge litt panel igjen, og dermed var det greiast å starte der Kai-Arild slutta forrige veke: Veggen mellom bad og kjøkken.  Og når først denne veggen var tatt var det berre å fortsette med veggen som er mellom kjøkken og gang samt veggen mellom stove og gong. Ingen av desse veggane er mogleg å ta heilt i taket endå. Eine grunnen til det er at vi må ha plass til å buksere inn materialer til badstua, og sidan dei er så lange så må vi ta dei gjennom veggen mellom kjøkken og badstua. Den andre grunnen til dette er at elektrikaren ikkje har lagt opp brytarar til sonene i stove/kjøkken endå. Men no bør alt ligge til rette for det!

IMG_3383

Det vart også tid til å legge siste veggen på vaskerommet. Også her manglar det ein par bord på toppen, og dette skuldast avklaringar som må gjerast i forhold til badet.

IMG_3373

No er både vaskerommet og det store badet klart for å få røyrleggaren på plass igjen, så no blir det spennande å sjå om han kan få gjort dette jul. I så fall betyr det varmt vatn og dusj på hytta!

Ellers blei det rydda litt rundt om og kappa opp ein del «ved» som blei brakt heim:

IMG_3388

Revidert “to do list” blir då:

  • Veggpanel i stove/kjøkken – kun finish gjenstår
  • Veggpanel i gong – ein vegg gjenstår
  • Golv i stove/kjøkken og eit soverom
  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører
  • Behandling av golv og panel – veggane i loftstova og halve det eine soverommet på hemsen er tatt
  • Oppsett av baderomspanel på bada – manglar ei plate på det vesle badet
  • Veggpanel på vaskerom – kun finish som gjenstår
  • Montering av kjøkken
  • Dusj på det store badet og møblar, toalett og dusj på det vesle badet.
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Det gjenstår nokre kontakter samt brytarar i stove og gong. Taklamper i soverom er innkjøpt og elektrikaren tar det når han er i området.
  • Panel i badstua
Dette innlegget vart posta under Baderom, Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s