Oppsummering etter helga og revidert «to do» liste

Etter jobbinga i helga er situasjonen at alt av flislegging på hytta er ferdig, og samtidig har det minka betraktelig på det som gjenstår av panel.

Søndagen starta med at Ole Reidar rydda plass utanfor hytta slik at materialen som ligg der er tettare samla og trygt lagra under presenning. I tillegg gjorde dette at det blei plass til å parkere på kortsida utanfor hytta. Vinn-vinn!

IMG_20130929_104924

 

Vidare starta jobben med å gjere ferdig diverse pirkearbeid i stove/kjøkken:

  • Montere siste takbord
  • Legge siste bordet opp mot skråtak
  • Legge siste bord i skråtaket
  • Legge nye lekter langs skråtaket og tilpasse dei som allereie var på plass

IMG_3049_edt IMG_3048_edt IMG_3046_edt

I tillegg til dette gjekk Espen over golvet som vart lagt på lørdagen for å fuge og vaske dette. Til slutt vart sokkelen til peisomnen lagt og fuga.

IMG_3055_edt IMG_3054_edt IMG_3050_edt

Den oppdaterte lista over ting som ikkje er gjort blir då slik:

  • Veggpanel i stove/kjøkken – påbegynt (ferdig med 2/3 av stova)
  • Fliser i gong
  • Veggpanel i gong
  • Golv i stove/kjøkken og alle soverom
  • Div rørleggararbeid – toalett er montert på det største badet
  • Tak i vaskerom
  • Listing og utforing i alle rom
  • Innsetting av dører
  • Behandling av golv og panel
  • Oppsett av baderomspanel på bada – ferdig med det største badet
  • Veggpanel på vaskerom
  • Montering av kjøkken
  • Installasjon av baderomsmøblar/toalett – baderomsmøbel er kjøpt til det største badet
  • Montering av trapp
  • Elektrikararbeid: Montering av kontakter, spottar og brytarar og lamper (inne og ute). Samt montering av ovnar og avtrekksvifter. – Elektrikar har tatt det han kan i denne omgong. Utelamper vert montert kommande veke.
  • Installasjon av pipe/peis – sokkel er støypt, så pipe og peis blir sannsynlegvis montert i løpet av dei nærmaste vekene.
Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s