Feriestunt 2 – dag 3: Meir baderomspanel

Starta dagen i dag med friskt mot og resultata lot ikkje vente på seg, til tross for at ting framleis tek tid!

Dagen starta med at Martin var vaken litt over 6, dermed vart det ein sjanse for å komme i gong relativt tidleg. Siv og Ole Reidar var på plass på hytta litt over 0830, og starta dermed på jobben med å få lagt baderomspanel på veggen mellom bad og kjøkken. Nok ein gong vart det ei krevande økt der spesielt hjørna skapar problem pga sirkelsaga vi brukar. I skrivande stund har Ole Reidar eit såpass anstrengt forhold til denne at det vurderast å gå til innkjøp av ei ny kappsag som det er mogleg å sage beint med.

I fem-tida reiste Siv, Iren og Martin heimover og Ole Reidar vert dermed aleine igjen på hytta nokre dager. Ettermiddag/kveld vart nytta til å fullføre veggen vi har jobba med i dag, og lettelsen var stor då ei av platene (med litt tilpasning mot hjørnet naturlegvis) som har vore kappa feil kunne brukast på ny. Dermed er det ei plate mindre som vitnar om feilkappinga frå gårsdagens innkøyring!

I morgon må Ole Reidar til ei byggvareforretning for å få tak i sagblad til stikksaga. Ellers er planen å la bad vere bad ei stund, og heller få unna litt panelsnekring og isolering. Etter «påkjenningane» dei siste to dagane skal det gjere godt å styre med ting ein har betre kontroll på.

IMG_1592_edt IMG_1604_edt

Dette innlegget vart posta under Uncategorized. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s