Feriestunt dag 4 – Beis og gips

IMG_20130815_215332 IMG_20130815_215440

Nok ein dag på hytta, og sidan veret var strålande var det berre å ta malekosten fatt!

Dagen starta i stigen på vestveggen, men etterkvart tok sola så mykje her at underteikna byrja på anna arbeid. Dette omfatta bl.a innsetting av diverse spikerslag i hovudetasjen og oppkapping av gips som skal brukast til å feste sokkelflis på bada og vaskerommet.

IMG_20130815_215536

Etterkvart kom Siv og Martin køyrande, så då var det på tide med pause og litt kos med grilling og soling i det nydelige veret.

Til slutt fekk vi beisa heile sørveggen, så no er vi nesten tomme for beis og må nok avgårde for å få tak i meir 🙂

Bilda i dag er færre og av dårligare kvalitet enn normalt sidan minnekortet til digitalkameraet vart gløymt att på hytta der vi bur.

I morgon blir det ein viktig dag sidan vi skal begynne å rette av golva som skal ha flis. Spennande!

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget