Feriestunt dag 2- Golv og tak

IMG_0918_edt

 

Dagen i dag har vorte brukt til å gjere golvet klart til elektrikaren som kjem i morgon tidleg, samt å ta unna litt tak. I tillegg har det vorte tid til litt anna småtteri.

Dagen starta med å legge ut golvplater på det store badet. Jobben her var noko lettare enn på vaskerommet og det vesle badet sidan det her ikkje låg straumkablar på golvet. Det betyr at den einaste utfordringa var å få måla til å stemme, samt å få laga til dusjsona på ein fornuftig måte.

Vidare starta tilpassinga av platene som var lagt i går før dei til slutt vart festa fast i golvet. Her måtte det borast hol med cc30 samt punkt midt på dei største platene:

IMG_0916_edt IMG_0925_edt
IMG_0915_edt

Når dette var vel overstått så blei golva støvsuga. Sidan elektrikaren dukkar opp i morgon vart det klart at det kunne vere ein fordel å rydde opp litt meir i bl.a gongen. Den vart dermed kosta opp og støvsuga, før underteikna tok turen på hemsen og grovkosta over golva der slik at desse ser litt meir representative ut. Har beklagelegvis ingen bilder av dette.

Vidare blei det lekta ut litt småtteri i taket (bl.a rundt trappa), slik at dette er klart for panel. I kveldsøkta vart taket på det største badet lagt:

IMG_0936_edt IMG_0939_edt

I morgon er planen å starte med taket enten i gongen eller stove/kjøkken. Her spørs det litt kor ein er minst i vegen for elektrikaren. Det kan også hende at det blir ut å beise litt, men dette er litt veravhengig. I dag har det veksla så mykje at det ikkje ville vore gunstig å jobbe med dette.

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s