Dugnadshelg

IMG_0237

Denne helga var det ein god dugnadsgjeng som reiste til Filefjell!

Torsdag reiste Siv og Hildegunn med barn til Filefjell. Denne kvelden starta dei med å maskere og gjere klart for beising, samt litt smårydding. På fredagen byrja dei å beise på austveggen og utpå dagen dukka Sølvi og Arvid (foreldra til Siv) og Ole Reidar opp.

Sidan vi allereie har besillt peis og pipe vart Arvid sett til å ordne veggen som skulle ha fasadeskifer. Vi bestemte oss for å ta to lag med gips i bakkant og ei bredde på 80cm ut frå kvart hjørne. Etterkvart som arbeidet gjekk framover her fann Arvid ein god beskrivelse på dette hjørnet:

IMG_0166

Etter intens jobbing vart dette resultatet:

IMG_0218

Ole Reidar heldt seg på hemsen denne helga for å prøve å få unna det meste av panel der oppe. Når helga var over så var det ein knevegg i stova som gjenstod samt ein skråvegg på eine soverommet:

IMG_0175 IMG_0210 IMG_0184
Utvendig gjorde damene (og Arvid) ein kjempeinnsats med beisinga. Når vi forlot hytta på søndagen var ca halvparten beisa. Det vi lærte om beisinga var at den var tung å påføre og det gjekk betydelig større mengder enn det vi forventa, men det ser ut til at vi skal komme unna med 40 liter på heile hytta. Hytteeigarane vart strålande fornøgde med resultatet!

IMG_0227 IMG_0228 IMG_0237 IMG_0238 IMG_0245

Neste tur blir 26. juli, då tar Ole Reidar med seg ein kompis til Filefjell for å snekre.

Dette innlegget vart posta under Beising, Eksteriør, Innvendig arbeid, Interiør. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s