Panel del 3 og flaumskader

Sidan den nyankomne guten vår er så snill og grei rakk eg (les Ole Reidar) ein dagstur opp på Filefjell denne helga for å jobbe ytterligare med panel. Allereie før eg reiste hadde elektrikaren fortalt at vegen var tatt av flaumen som var i mai og at det dermed ikkje gjekk an å køyre fram til hytta.

Etter litt hindringar (les vegarbeid og asfaltlegging) kom eg fram til hytta litt før kl 10. Vegen var ikkje farbar, men heldigvis var det kun den siste kneika som måtte forserast til fots. Skadene var heller ikkje så store som frykta, og etter dialog med entrepenør er det avklart at dette vert ordna i løpet av dei nærmaste dagane. Bildene talar for seg sjølv:

_MG_7839 _MG_7840 _MG_7843

Sidan det var ein månad sidan eg sist var der oppe hadde det skjedd litt i mellomtida. Byggestraumen var bytta ut med dette:

_MG_7825 _MG_7827

Ellers var elektrikaren komen eit godt steg vidare, men pga manglande veg hadde han trukke seg tilbake til bygging av eiga hytta enn så lenge. Sidan han alikavel var i området tok han turen innom for å underette meg om kva veggar og tak eg kunne legge panel på utan at han fekk problem med sin jobb.

Eg fortsette med skråtaket som eg etterlot slik sist gong:

IMG_7413

Etter nokre intensive timar og bruk av lange armar så blei resultatet slik:

_MG_7812

Den observante lesar vil sjå at det midterste bordet manglar, men der trengs det rett og slett litt fleire hender for å få det til å sjå pent ut 🙂

Sidan eg var så godt i gang og elektrikaren hadde gitt meg fri tilgang på to av soveromma nede så sette eg likeså godt i gong med dette. Her hadde vi gjort ein tabbe med å ikkje lekte ned taket inntil veggen, slik at eg måte jukse litt. Trur det blei ok, men må nok vurdere å ta igjen dette på motsatt vegg. Skal forhøyre meg litt med fagfolk først.

Uansett så blei resultatet sjåande slik ut:

_MG_7831

Godt å sjå framgong sjølv om det ikkje føles ut som om haugen av panel minkar så veldig mykje akkurat. I tillegg er det ingen tvil om at det ser ut som ein byggeplass utvendig no når snøen har smelta, så det blir nok nokre timar med opprydding der før ting ser skikkelig ut.

Neste gong er planen å ta taket i det neste soverommet nede før ein kan starte på veggane på hemsen. Forhåpentligvis har også elektrikaren vore der igjen og fått gjort unna det han kan. Samtidig må vi etterkvart få snakka med rørleggaren slik at han kan få gjort sitt.

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s