Panel del 2

Ole Reidar reiste opp til Tyinkrysset 30. april for å få gjort unna meir panel denne kvelden og dagen etterpå.

Første kvelden gjekk med til å ta eine skråtaket på soverommet lengst vest. Det var merkbart at eg var aleine, men etterkvart fekk eg ein bra gang på det så etter ca 3 timar var denne delen av taket ferdig og det var passande å ta kvelden.

Morgonen etter tok eg skråtaket på motsatt side før eg flytta alt utstyret ned i stova der eg hadde fått klarsignal frå elektrikaren til å begynne på skråtaket der. Det einaste problemet her var at vateren var forsvunnen i forflyttinga. Etter ein time med leiting dukka den opp att mellom isolasjonen på loftet. Nok ein grunn til at det skal bli ei glede å få fjerna dei pakkane!

Planen i utgangspunktet var å holde på til eg måtte bytte batteri på spikarpistolen, men batteriet varte tydligvis mykje lenger denne gongen enn forrige, så eg fortsette til eg ikkje rakk lenger. Det gjenstår nok 5-6 bord til før eg er i taket på den sida.

No blir det ei rolig helg sidan eg ikkje tar sjansen på å vere på Filefjell dersom fødselen skulle starte!

IMG_7408 IMG_7411 IMG_7413 IMG_20130501_162558

Denne gongen tok eg meg ein tur bort i fjellsida på motsatt side for å sjå om korleis hytta viser igjen i terrenget, og det kan ein sjå her:

IMG_7440

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Panel del 2

  1. Karoline seier:

    Lykke til med fødsel, baby og hyttebygging 🙂
    Mykje spennande i vente 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s