Siste økt i denne omgong

Tidleg laurdagsmorgon reiste Ole Reidar og Tommy oppover til Filefjell for å sette opp dei siste innerveggane. Som vanleg hadde vi stor tru på at dette skulle gå kjapt og enkelt,  og som vanleg fekk vi oss diverse overraskelsar!


Når vi kom inn døra oppdaga Tommy at den lengste innerveggen var ute av posisjon. Etter litt fram og tilbake var det berre å innsjå at vi måtte rive denne og få den opp att der den skulle vere. Dette tok nokre timar, men rett skal jo vere rett.

Kort tid etter at vi kom var elektrikaren vår på plass for å gå gjennom punkta vi skal ha. Det viste seg at det meste som vi har tegna stemte ganske bra, og etter å ha diskutert litt detaljar i forhold til plassering av lamper og stikk utvendig var vi enige om at han skulle begynne å jobbe med det første.

Når vi hadde retta opp veggen var det berre å gå i gang med å kontrollmåle dei andre veggane vi hadde fått opp før vi sette i gong med dei resterande veggane. Etter å ha fått opp desse og ordna alle hjørner slik at alt er klart for elektrikar og panel sa vi oss fornøgde rundt kl 01. Både positivt og negativt at det plutselig var veggar over alt. Positivt fordi ein får ein betre inntrykk av korleis hytta kjem til å bli, men negativt fordi alt blir meir tungvindt byggemessig!

Sidan det nærmar seg termin for Siv og dei neste helgane er booka til andre ting er det ikkje godt å seie kor tid vi får anledning til å reise oppover igjen, men det er i allefall godt å vite at alt er klart til at både røyrleggar og elektrikar kan drive med sine arbeid mens vi er inne i denne «pausen».

IMG_7277 IMG_7278 IMG_7281 IMG_7282

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s