Påske utan ski på beina! :-O

IMG_7180 IMG_7204

Det har vore ei hektisk påske med nydelig påskever, men denne gongen måtte hytteeigarane innsjå at tida måtte brukast på andre ting enn ski og påskesol!

Siv og Ole Reidar reiste opp skjærtorsdag og starta på klargjeringa før vi skulle få besøk av Hildegunn (søster til Siv) med famile og Kai (bror til Siv) på langfredag. Denne gongen var planen at vi skulle starte på oppsett av innerveggar, og forhåpentligvis komme eit godt stykke på veg. Påskeafta dukka foreldra til Ole Reidar opp og i tillegg Magnus (bror til Ole Reidar) for å bistå.

På langfredag fekk vi sett opp alt av lekter i taket og i tillegg fekk vi opp deleveggen mellom stove/soverom samt laga delevegg mellom to av soveromma nede. I tillegg fekk vi lagt både topp og bunnsvill på vegg ut mot gang og delevegg mellom gang og vaskerom. Alt i alt ei veldig god arbeidsøkt av heile dugnadsgjengen!

_MG_7101

Påskeafta fortsette jobben med ny dugnadsgjeng, og då fekk vi fullført den lengste deleveggen som går mellom stove/soverom og gang, samt mellom bad og gang. I tillegg fekk vi sett opp mesteparten av deleveggane på hemsen!

IMG_7238 IMG_7225 IMG_7252 IMG_7239

Neste helg blir det ny tur og då satsar vi på å bli ferdig med alle deleveggane slik at elektrikar og rørleggar kan gjere sitt arbeid før vi startar på å legge panel etter det.

Til slutt ein ekstra takk til Tommy for lån av spikerpistol og kompressor! Den har nok spart oss for ei mengd arbeid!

IMG_7200

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s