Denne helga var vi så heldige at vi var invitert på hyttetur til eit vennepar på Filefjell. Dette betydde ein gylden anledning til å kombinere ski, sosialt samvere og litt snekring!
Vi reiste opp etter jobb på fredags ettermiddag og tok turen bortom hytta vår for å sette på varme. Gleda var stor då vi kunne konstatere at avfuktaren vi har gåande virkelig hadde gjort jobben sin. No er heile sålen så og seie tørr og stenderverket er målt til lav og fin fuktigheit.
På lørdag fekk Ole Reidar tid til å stå nokre timar på ski i bakken i nydelige forhold. Han fekk også testa ski-in ski-out på hytta vår, noko som fungerte veldig bra. Siv fortsette med å lekte ut veggane i første etasje, og etter lunsj vart Ole Reidar med. Til tross for lange kveldar og god stemning var arbeidsmoralen på topp også på søndag, så før vi reiste heim så var vi så og seie ferdig med lektinga på veggane. Det einaste som gjenstår er hjørna og dei punkta der yttervegg møter innervegg, noko som bør gå radig.
Neste helg skal vi på tur så då får vi ikkje gjort noko, men vi satsar på å få starta på oppsett av innerveggar i påska. Samtidig må det flyttast ein del panel opp på hemsen slik at vi får det ut av vegen før vi kan begynne på oppsett av innerveggar nede. Hytteeigarane ser framgong, og det gir motivasjon til ytterlegare arbeid!