Første overnatting i eiga hytte

20130302_104545 20130302_104551

Ein milepæl er nådd. Hytteeigarane har overnatta i eiga hytte for første gong!

Dagen starta som vanleg grytidleg laurdags morgon. Denne helga skulle turen bli både lang og dramatisk!

Når vi kom avgårde oppdaga vi fort at dette kom til å bli ein lang tur, slaps og ubrøyta veg gjorde at det var seigt å ta seg fram dei første 5-6 mila.  Når vi kom til Sogndalsdalen blei forholda betre og vi rekna med at resten av turen blei rein plankekøyring. Men når vi kom til Borlaug oppdaga vi at det var kolonnekøyring over Filefjell. Så vi køyrde til bommen og venta ein knapp time før brøytebilen kom for å starte kolonna. Sterk vind og til tider null sikt gjorde at dei to siste mila fram til hytta tok nærare ein time. Dette gjorde igjen til at vi ikkje var framme før ca. 11:30.

Utover dagen vart verforholda såpass ekstreme at vegen over Filefjell vart heilt stengd (noko som er svært sjeldan). Dermed vart det til at vi fekk tilbringe vår første natt på hytta! Sidan vi hadde varme på inne hadde vi uten problem ein levelig temperatur, og det vart jo reint trivelig når ein kunne kose seg innandørs mens ein høyrde på vinden som ula rundt novene på utsida.

Når det gjeld arbeidet så starta Ole Reidar med å lekte ut kneveggane og gavlveggane på hemsen, mens Siv gjekk over og satte på tape på nokre plassar der dampsperra ikkje var tett og skøyta 100%.  På søndagen fullførte vi jobben på hemsen slik at den er klar for oppsett av deleveggar. Vidare starta vi på utlekting nede og heldt på til vi hadde brukt opp alle lektene vi hadde bært inn. Når desse var oppbrukt hadde vi nesten tatt heile den lengste veggen. Vi bar så inn resten av lektene vi treng for å ta veggane nede, slik at dei kan ligge inne og tørke til vi er tilbake om to veker.

20130302_104551

Ikkje rart det var kolonnekøyring!

20130302_145447

Framdrift tidleg laurdag.

Etter stormen på laurdag vakna vi opp til ein nydelig dag på søndag!

Etter stormen på laurdag vakna vi opp til ein nydelig dag på søndag!

 

Dette innlegget vart posta under Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s