I helga var det nok ein gong på tide å jobbe litt på hytta!
Denne helga var Jan Rune (bror til Ole Reidar) med oss. Vi reiste opp tidlig på laurdagen og fekk jobba to lange dagar.
Når vi kom opp til Tyinkrysset laurdags morgon kunne vi med glede konstatere at hytta var ferdig utvendig med unntak av shingelen som vi skal vente med til våren. Ein spesiell følelse å ha nøkkelen i handa og låse opp døra til eiga hytte!
I første etasje fekk Siv gått over isolasjonen, samt rydda plass til elektrikar. På loftet jobba Jan Rune og Ole Reidar med å legge golv. Her kom ein godt over halvegs på dei ca. 50m2 som er der oppe før drillen gjekk tom for strøm på lørdagen. Etter dette grov vi fram platene som skal brukast som golv i kneveggane og fekk lagt desse inn under tak klar til neste helg.
Vi let bilda tale for seg!