Klart for golvlegging

Lørdag 19. januar var Siv og Ole Reidar på atter ein dagstur til Finndalskroken 27!

I utgangspunktet var det planlagt tur med overnatting frå lørdag til søndag, men pga. kulden (meldt -25), så droppa vi overnattinga og valde heller å ta ein dagstur.

Når vi kom opp såg vi tre snekkarar frå FH-Bygg som dreiv med oppsett av takrenner og panel utvendig. Etter ein kjapp prat med dei kom det fram at dei ønska å vente med å legge shingelen på taket til våren pga. kulden, men at dei skal vere ferdig med det resterande utvendige arbeidet i løpet av kommande veke. Inngangsdør og verandadør var no komt på plass. Ein liten milepæl er nådd!

Innvendig hadde snekkarane vore så snille at dei hadde laga til trappeutsparringa, så då slapp vi å tenke på dette. Vi starta med å lokalisere golvet som låg under ein stabel med lekter og panel, så då enda vi med å flytte dette. Vidare fekk vi buksert det vi treng av golv opp på loftet. Til slutt tok Siv seg av å ordne ein siste finish av isolasjon på etasjeskillet, mens Ole Reidar ordna med lekter i skråtaket over stova slik at det ikkje er nokon fare for at isolasjonen der fell ned. Det merkast godt at hytta er isolert, og spesielt på loftet er temperaturen betydelig meir behagelig enn utvendig!

Dette innlegget vart posta under Bygging, Innvendig arbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s