Ringmur og plate er støypt

Torsdag 11. oktober reiste Siv, Arvid (far til Siv) og Ole Reidar opp på tomta for å starte jobben med ringmuren. Tomta var ferdig utgreven kvelden i forveien og på vei opp til Filefjell fekk vi vite at oppmålingsansvarlig i Vang kommune hadde vore der og målt opp hjørna.

Mykje logistikk var planlagt (varer skulle leverast og betong var bestillt), så det var berre å hive seg rundt! Torsdagen jobba vi frå 1030 til 2230 meir eller mindre konstant og når vi gav oss for kvelden såg det slik ut:

Arbeidet fortsette fredag 12. oktober frå morgongry. Betongbilen var bestillt til kl 13 så her var det nok å gjere! Jackonelementa viste seg å vere relativt greie å jobbe med, men det blei litt utfordringar i hjører, og spesielt i inngongspartiet der det var to hjørner på kvar side. Å tilpasse dette for å få det skikkelig var tidkrevande. I tillegg var det heile tida justeringar i forhold til lengder, diagonalar og høgder. Takk og pris for sjølnivellerande laservater!

Presis kl 1300 starta vi å fylle betong i elementa og denne jobben var unnagjort på ca 45 minutt. Sidan vi tok fyllinga i to runder så var det ingen av elementa som løfta seg, det hadde nok også litt å seie at vi hadde element som var 45 cm høge 🙂

Etter at denne jobben var ferdig dekka vi til elementa med isopor og så tok vi helg. Påfølgande mandag skulle Siv og meg reise opp att for å starte forberedelsane til å støype plata.

Det som møtte oss mandag formiddag var rett og slett 20 cm snø!

Etter ein knapp time med aktiv bruk av snøskuffer og spade så var  området rydda. Det neste problemet var at det var så sleipt opp bakken til tomta at lastebilen som skulle levere pukk ikkje kom seg opp! Her må vi gi stor ros til Egil Karlsen og hans menn hos Lage Gjevre AS for å kaste seg rundt og finne løysingar. Dei slengde kjetting på ein stor hjullaster og frakta dei første lassa med  pukk opp med den. Samtidig strødde dei bakken slik at lastebilen og kom seg opp etterkvart! Så dermed kom vi i gang med å legge pukk i sålen. I tillegg kom røyrleggaren på slutten av dagen og la botnledningane. Heile dagen vart avrunda med å få lagt radonbrønnen.

Tysdag 16. oktober starta med å få lagt resten av pukken og så starte med første lag med isopor. Vi såg fort at det vart noken avvik i forhold til høgdene (nok ein gong kom laseren godt med!), men konkluderte med at vi ikkje tok det så nøye. Arvid kom og opp og hjalp til med å få lagt ut både isolasjon og radonduk. Når dagen var omme var duken lagt ut, men ikkje skøyta. Det som gjenstod var altså å skøyte duken og legge siste laget med isopor!

Onsdagen starta  med at vergudane hadde laga arbeid til oss i form av snø i løpet av natta.

Det fortsette å snø den første timen på morgonkvisten så vi såg litt mørkt på det ei stund, men så lysna det heldigvis. Skulle vi greie å rekke å bli ferdige til kl13 som avtalt med betongleverandøren? Etter hard jobbing kom vi i mål med skøytinga og tettinga av alle rørgjennomføringane. Til slutt la vi siste laget med isopor oppå. Etterkvart hadde vi fått vite at betongen ville komme tidlegast kl 1400, så vi rakk faktisk å ete lunsj denne dagen, luksus! Etterkvart viste det seg at betongbilen ikkje rakk å komme før kl 1545, så då var det jo goood margin!

Støypinga gjekk på ca ein time takka vere ein flink sjåfør som tok høgdene veldig bra, laseren (sjølvsagt), dissa som Arvid hadde med seg og tre flittige personar som jobba intenst. Dermed var vi ferdige ca kl 17! Tok så turen tilbake til hytta vi hadde leigd, åt middag, rydda og pakka oss ut før vi reiste opp på tomta for å dekke til sålen (som no var godt i gang med å herde).

Det var tre slitne, men glade personar som reiste ned frå fjellet denne onsdagskvelden! Neste etappe no blir å sette opp hytta, og det har FH-Bygg skissert at vil skje nærmare jul!

Dette innlegget vart posta under Grunnarbeid. Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s