Møtte i dag Egil Karlsen og Lage Gjevre sjøl hos Lage Gjevre AS på tomta på filefjell. Her gjekk vi gjennom i grove trekk det som skal gjerast i forhold til tomting. I grove trekk var vi enige om plassering av hytte og vei, men nokon avvik vart det:
- Kabelgrøft til vann/avløp blir noke lenger enn først antatt
- Grøft til strømkabel må gravast langs eksisterande vei. Her blir det då dermed ca 100 meter.
Totalen på gravetilbudet blir uansett ikkje spesielt dyrare enn forespegla pga at ein forventar mindre gravearbeid.
Dermed gjenstår det kun utarbeiding av situasjonsplan og å få byggesøknaden sendt inn før ferien så er håpet at vi kan vere i gang i løpet av august!