Mykje fram og tilbake i tegneprosessen

Etter mykje fram og tilbake har vi endelig (trur vi) kome i mål med ei planteikning!

Etter at første e-posten gjekk til Familiehytta i midten av januar har vi gjort litt endringar fram og tilbake, og i dag kom endelig teikninga slik vi tenker oss at den skal vere. Endringar gjort frå opprinnelig modell av Familiehytta Rondablikk er:

  • Bytta plass på bad og eine soverommet. Dette for å få større bad og få samla mest
    Bilete av opprinneleg planskisse Rondablikk

    Opprinnelig planskisse 1. etasje

    mogleg VVS sidan bad og kjøkken blir vegg i vegg. I tillegg til at badet er lettare tilgjengeleg frå hems og ute (ein slepp springe gjennom heile gangen om ein nett må gjere sitt fornødne – særleg med full vinterbekledning).

  • Delt eine soverommet i to. Ein del til teknisk rom med VVbehaldar og tørkerom/oppbevaring. Ein del til lite toalett. Med mange gjestar på hytta kan det vere greitt med toalett og bad separat.
  • Valt å sette inn vegg og dør mellom gong og stove for å få ei mindre opa løysing, hindre varmetap og avgrense støy.
  • Laga skapplass i enden av gangen til dei to soveromma som ligg på kvar si side av gongen.
  • Lukka igjen trappa og sett inn dør for å få lagringsplass/bøttekott under trapp.

Under ligg planteikninga slik den ser ut no:

120207 FH 110 RONDABLIKK’12 Trend

I tillegg til sjølve planteikninga har vi sendt ut forespørsel til ein entrepenør for å forhøyre oss om pris på støyping av plate. Prisanslaget på dette er på ca. 150 000,-

Vi har også sendt ut forespørsel til ein lokal entrepenør for å sjekke pris på grunnarbeidet. Her har vi allereie vore i kontakt med fleire aktuelle kandidatar, og håpar å få ein grei pris. Det er jo ikkje akkurat rette årstida for grunnarbeid/synfaring no, men det gjeld å vere tidleg ute med planlegginga!

Dette innlegget vart posta under Bygging, Grunnarbeid, Planlegging. Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Mykje fram og tilbake i tegneprosessen

  1. Ann Elin seier:

    Hei. Vi vurderer å tette igjen trappen på vår hytte . Har du bilde av hvordan resultatet med trappa ble ?

  2. Ann Elin seier:

    venter i spenning jeg da;)

  3. Ole Reidar seier:

    Det kjem bilder når den er ferdig 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s