Bygge sjøl eller nøkkelferdig?

Det å sette opp ei hytte kan gjerast på mange måtar. Ein kan velge å gjere 100% sjøl (i allefall det ein har lov til) eller ein kan velge å betale for å få hytta levert nøkkelferdig. Dette er dei store ytterpunkta, men heldigvis finst det mellomting. Sidan vi snusar på Familiehytta er det greit å bruke dei som utgongspunkt for litt tankevirksomheit rundt kor mykje vi skal bidra med sjølve, og kva som eigentlig er lønnsomt.

Familiehytta tilbyr følgande prismodell for FH110 Rondablikk som er modellen vi har tatt utgangspunkt i:

  • Byggesett: kr 514 000,-
  • Oppsatt råbygg:  kr 793 000,-
  • Klar for el. og rør: kr  858 000,-
  • Snekkerferdig: kr 1 018 000,-
  • Nøkkelferdig: kr 1 474 000,-

Vår tanke har heile tida vore å kunne gjere ein del ting sjølve. Her ser vi for oss at vi skal greie å legge isolasjon og fuktsperre i veggar og tak, legge golv og spikre opp panel på veggar samt gjere all listing. I tillegg har far til Siv våtromssertifikat og dermed muligheita til å bygge badet.

Med vårt utgangspunkt ser vi for oss at vi havnar ein plass mellom «oppsatt råbygg» og «klar for el og rør» . Definisjonen frå Familiehytta på desse to kategoriane er:

  •  Oppsatt råbygg: Vi setter opp tet hytte ferdig panelt utvendig. Taket er tekket med shingel eller avtalt underlag for torv, takrenner montert. Terrassse er ikke montert.
  • Klar for el. & rørl. : I tillegg til ovennevnte råbygg er hytta isolert og plastet, utlekting av ytervegger er utført samt reisverk til delevegger er montert og gulv lagt i 2. etg. /hems. Hytta er da klar for at rørlegger og elektriker kan montere sine skjulte anlegg.

Vi ser for oss at det vi ønsker er å få opp råbygget og gjerne med innvendig reisverk (rominndeling). Vi er litt usikre på om vi treng hjelp til å få noko gjort på hemsen, om vi treng hjelp der så er det i så fall å legge golv og evt. sette opp reisverk for innvendige veggar. Isolasjonsjobben og plasting greier vi fint sjølv.

Men så er dette med pris vs innsats då. Sidan prisforskjellen mellom dei to nemde kategoriane er på kr 65 000,- så er det ikkje sikkert vi får så mykje avslag på å trekke ut den jobben vi tenker å gjere sjølve.

Eg har også sett litt på totaltkostnad og laga eit veldig svevande budsjett utifrå litt synsing:

budsjett

Dette innlegget vart posta under Planlegging. Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Bygge sjøl eller nøkkelferdig?

  1. Karin seier:

    Hei!

    Har sett på ditt luftige budsjett 😀 En av våre «budsjettsprekker» , viste seg å være gulv. Ikke ante jeg at lakk/beis var så dyrt! Jeg har skrevet mer om hvordan vi har behandlet gulv http://www.byggehytte.com/2012/09/30/gulv/ Det ble ganske kostbart og helt utenfor vårt «luftige budsjett». Nylig har vi også dratt på litt med fine fliser på badet … Det kan sikkert lønne seg å se etter tilbud! Fortsatt lykke til med byggingen 😀

    • Ole Reidar seier:

      Hei!

      Takk for kommentaren!

      Det er heilt klart at det luftige budjsettet er i overkant luftig. Det tar f.eks ikkje hensyn til korleis ein skal løyse veggar/tak på våtrom (2 bad + vaskerom). I tillegg kjem behandling av veggar (både innvendig og utvendig) samt golv innvendig.

      I tillegg ser vi at grunnarbeidet vart betydelig dyrare enn det som vi planla pga behov for mykje tilkøyrt masse. Så vi har eit heilt anna budsjett no! Skal få oppdatert det i løpat av kvelden!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s