Etter å ha vore litt i dvale den siste tida på grunn av huskjøp er det atter ein gong begynt å krible i Hytte-genet!
Vi har fått veldig sansen for Familiehytta sin panorama-serie i Trendutførelse. Slik vi ser det kan vi få veldig mykje og bra hytte for relativt lite pengar hos Familiehytta!
I skrivande stund brukar vi mykje tid på diskutering av planløysingar, kikking på bloggar og generell innhenting av inspirasjon! Det skal også seiast at budsjettering er viktig pr no. Til slutt i denne posten er planløysinga vi har kome fram til pr no. Vi har tatt utgangspunkt i Familiehytta Rondablikk, justert litt og tatt inn litt element frå modellen Breidablikk.
Dette er heilt klart ein spennande fase i dette arbeidet, og vi har begynt å krible litt etter å komme i gong med dette prosjektet!